Moro med ord og uttrykk!

Bokfink

Bokfink

Bokfinken er attkommen, i alle fall hannen. Her ser vi han på Kristian Voldheims foto. Hannen kjem gjerne 2-3 veker før hoa, og når ho så innfinn seg, blir han ivrig opptatt med å jaga vekk andre hannar frå området sitt. Bokfinken hekkar på same plass kvart år.

Namnet bokfink er lånt frå lågtysk. Førsteleddet betyr bøk, og viser til at bøkenøtter står på menyen.

Kjent og kjær og vidt utbreidd som denne fuglen er, har han også fått sin del av lokalnamn. Fleire av dei går på kosthaldet hans. Hampefrø er ein favoritt, og derfor har han fått namn som hampetjuv (som han deler med andre fugleslag) og hanpigda (Fyresdal, omforming av hamp-igda; også brukt om lauvmeis. Ei kjelde frå Seljord i 1786 nemner harpekornfugl om både dompap og bokfink, og harpkorn = hampefrø. Dette ligg også til grunn for harpkorntjuv (Elverum), «herkønnspikk» (Vinger; eigentleg «harpkornspikk»), og harpskol (Stange). For det siste jamfør namna på -skul om gulsporven, hovudinnlegg 18.3.14: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/03/
I Mo i Telemark har namnet heggjespikkje vore brukt, fordi bokfinken et heggebær. Han greier å knuse kjernane i heggebæra, og derfor er han også kalla steinbitar på Lista.

Den andre gruppa av namn er danna ut frå lyden. Såleis er det kvitt og kvittar på Nordmøre og tvint i Trysil og Åmot. I Trysil også med samansetninga vakkertvint. Tvitt og tvittarfugl registrerte Ivar Aasen frå Sunnmøre, og dei gamle ordsamlarane Aasen og Ross fann også tvitespikkje eller tvitaspikkje i Telemark. Spikk og spikk(je) kjenner vi att frå namna på kjøtmeisen, sjå hovudinnlegg 15.12.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/12/

Til slutt nemner vi uversspekk frå Solør, eit namn som viser at også bokfinken har vore brukt som vêrmerke.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: