Moro med ord og uttrykk!

Skorde purkehus

Purkehus

Nei, spalteredaktøren er slett ikkje deprimert! Han berre prøver å illustrere ein type oppførsel som vi skal ta for oss i dag; nemleg det å støtte hovudet i hendene. Dette er ikkje rekna som gode manerar ved bordet, og ungar blir gjerne åtvara og irettesett når slikt skjer.
Det er nok størst sjanse for at kritikken blir tatt til følge om ein har eit litt saftig og slåande namn på det, og vårt rike folkemål manglar da heller ikkje på ressursar i så måte.

Vi skal sjå litt på ymse nemningar for dette. Dei fleste er henta frå trøndersk språkområde, der det nok er samla inn mest systematisk. Men kom gjerne med fleire namn på dette også frå andre kantar av landet!

Det er to verb som dominerer i uttrykka. Det eine er, logisk nok, å stø. Men kanskje enda meir brukt er å skorde (uttala å skor(e), skol(e ) o l). Ein kan skorde opp mange ting: ein båt, ei hesje m m., men her gjeld det altså hovudet. Operasjonen kan altså ganske stilistisk nøytralt bli kalla å stø haue(t)/huggu, skol haue(t), stø el skol (opp) hukku, på Røros også å stø kjåkkån. På Smøla var det eit uttrykk å skol langhau. I Budalen kan ein seie å stø skåpet eller å halde opp skåpet.

Men oftast er det ein bygning som skal støttast eller skordast opp. Det kan rett og slett heite å stø huset (Støren) eller skol huset (Kolvereid). Ganske ”ufarleg” er også nemningar som å skor stabbur (Ålvundeid), skol kvennhus (Børsa), skol hoinnhus (hundehus; Agdenes) eller skol saufjøs (Klinga ved Namsos). Deretter begynner det å bli litt verre: Det aller mest utbreidde uttrykket ser ut til å vera å skor/skol porkhus(et) (skorde purkehuset). ”-Sett itt sånn og skol porkhus, gut!” er det nok mange som har fått hørt når dei glømte seg og handbogane var komne opp på bordet. Å skol svinhus forekjem også (fleire plassar i Fosen), og å skol grishuset(Hitra, Fosnes). Og så kjem dei mest nedverdigande: Å stø dasset (Hølonda), å skol dasset (Harran, Gravvik), skol litlhuset (Snåsa), skol skithuset (Kvennværet på Hitra, Osen, Beitstad) og skol skithusdøra (Inderøya).
Litt eigne vriar har dei i Halsa: skor porkhau (som ser ut som ei blanding av å ”skor hau” og å ”skor porkhus) og i Mosvik: skol lathoinn.
Alt dette er altså frå trøndersk dialektområde. Det einaste eg har funne i farten utanom dette, er å skol do (Alstahaug) og ”han sit og skordar landet sitt” (Stranda på Sunnmøre). Men eg har vondt for å tru at trønderar og nordmøringar har vore verre med denne uvanen enn folk frå andre landsdelar!

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Skorde purkehus

  1. På mine trakter (hillesøymål, Troms) heiter det «å skore skjetthus» når ein stør hovudet med eine handa, og det høver det seg ikkje å gjere om ein sit med matbordet. Om ein elles skulle komme til å sitje på denne måten, kan nok posisjonen bli tolka annleis – at ein er tankefull.

  2. tojk on said:

    Takk for den, Aud-Kirsti! Same ideen der oppe, altså.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: