Moro med ord og uttrykk!

Kummar

Kummur

Bjørkeraklar ser vi her, og dette er vel hannraklar. For blomsterstand, raklar på lauvtre finst det fleire ord i bruk. Eitt av dei mest utbreidde, og særleg knytt til bjørka, er kummar, som i ulike variantar finst mange stader på Vestlandet, i Trøndelag, Nordland og Troms. Det går også ned i Østerdalen og til Hedmarka. Av uttaleformer med vid utbreiing kan vi nemne kummer/kommer, kummur og kummul. Mi eiga utgåve frå Sunndal er kømmur. Elles finst komra (hokjønn) i Nord-Norge, og komle (også hokjønn) i Selbu. Stundom er ordet også brukt om bladknopp på lauvtre. Arne Garborg skriv: «Her er so god ein sumar med hus i kvar ein busk og lauv og friske kumar». Snåsa historielag har sett det klingande namnet Kummur på årsskriftet sitt.
I Aurland kalla dei horaklane for søtekummar, fordi dei smaka søtt, medan hannraklane fekk heite berre kummar, fortel Ove Arboe Høeg. Han nemner også at ungar mange stader har brukt dei tjukke raklane i leik som «pølser». I Skedsmo var dei kalla bjørkebrød.
Sjølve ordet kummar er gammatl og heng i hop med latin gemma ‘knopp’.
Utanom kummar-området hieter vel gjerne raklane rett og slett raklar. Men også andre nemningar er i bruk, dels også (eller først og fremst) om andre treslag enn bjørk, t.d. brum og palm(ar). I Hardanger har dei darlar (også på or, selje og hassel), og frå Flesberg har Arboe Høeg totar (fleirtal) på bjørk og selje.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Kummar

  1. Rannveig Bøe Bakken, 2665 Lesja. on said:

    Korleis ser ein forskjell på horaklar og hanraklar ?

  2. tojk on said:

    Norsk botanisk forening seier dette: «Hannraklene anlegges om høsten og overvintrer på kvistene som lett synlige, sigarliknende ”pinner” som sitter 2-3 sammen. Hunnraklene er derimot usynlige om vinteren – de sitter på korte blomsterskudd som utvikles på våren, de vokser fram fra knopper. Hvert blomsterskudd har noen få blader og ei rakle. Bjørka blomstrer etter bladsprett om våren. Da strekker hannraklene seg og sprer pollen, mens hunnraklene kommer fram.»
    http://www.botaniskforening.no/hardusett/150-bjork.html

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: