Moro med ord og uttrykk!

Maur

Maur

Det er vår, og det begynner å bli liv i maurtuvene. Her ser vi kor det yrer og myldrar.
Den vanlege, raude skogmauren blir somme stader kalla eitermaur. Det er på grunn av det giftige sekretet han skil ut, og som svir skikkeleg (maursyre). Folk har trudd at mauren beit og pissa i såret, og derfor har vi fått namn som pissmaur, tissemaur og migemaur. Det siste ordet er ofte samantrekt til mimaur, mymaur o l. Dermed har ikkje samanhengen med mige lenger vore klår, og vi har kunna få «smør-på-flesk»-samansetningar som eitermi(ge)maur, pissmi(ge)maur, og til og med eiterpissmi(ge)maur! I alle fall kan mauren sprute maurmig eller maurpiss så langt som ein halvmeter.
Andre namn vi kjenner til i farten på skogmauren er raudmaur (Nøtterøy, Telemark, Romsdal), råmaur (Vestfold) og klypemaur (Agder, Drangedal).

I tradisjonell folketru er fleire varsel knytt til mauren. Om han kjem seint fram frå tuva om våren, blir sommaren kald og våt. Men så lenge mauren har vore ute før sommarmål (14. april), så lenge skal han halde seg inne etterpå. Er maurtuva stengt og heilt glatt oppå, blir det regn som kjem til å vara ei stund. Er det derimot store, opne hol i tuva, vil det bli lengre periodar med fint ver. Er det mykje liv og røre i tuva om morgonen, tyder det på fint ver den dagen, mens få og late maur på toppen av tuva er varsel om nedbør.

Ein kåsør i ei nordmørsavis var inne på at ein kan sjå på maurtuvene kva som er retning sør. Men det var før i tida, seier ho – no kan ein sjå det på parabolantennene!
Vi tar sjansen på å ta med ei herme frå Trøndelag med litt sunnmørshets: «Synnmørenga og pessmaur e væl og bra, bærre ‘n itt får dæm i husa!»
Vi tar også sjansen på ei ganske saftig historie til slutt: Ein røynd jeger frå langt nord i Trøndelag med mange bjørnar på samvettet, skulle lære opp sonen sin til å føre tradisjonen vidare. Første leksjon var å kjenne att bjørnen ute i marka. Bakafrå er det lett, sa han, for da ser han akkurat ut som mor di når ho står og plukkar potet. Og det lokte likæns å – hælta gris og hælta maur!

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Maur

  1. Rita-Elin Hovde on said:

    Johanne Bay Christensen lærte meg denne: «Mimaur, mimaur, pessi du på mæ, så skjær æ bægge rævballjan tå dæ.»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: