Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “mai, 2014”

Maigull

Maigull

Vi tek med oss også denne vårplanta før mai-månaden er til endes. Denne finn vi på fuktige stader nordover til Nordland. Maigull hører til sildrefamilien, og det er tre artar i Norge. Det latinske namnet er Chrysosplenium alternifolium. Slektsnamnet er sett saman av gresk chrysos, som tyder gull og splen = milt, på grunn av bruken som middel mot sjukdommar i milten. Artsnamnet alternifolium tyder ‘med spreidde (alternerande) blad’. Merk at dei gulgrøne blada ikkje er kronblad, men støtteblad. Maigull har ikkje kronblad.
Maigull er ei lita plante som likevel blir lagt merke til fordi den kjem såpass tidleg, og dermed også blir med i vårbukettane. Den har ikkje vore brukt til mykje praktisk, og har heller ikkje mange dialektnamn. Men i Hamre i Nordhordland har dei namnet tannkrans og har brukt den mot tann verk. Elles er maigras notert frå Skåtøy ved Kragerøy; dette namnet er meir brukt om mjødurt. Frå Elverum er saueblom oppgitt. Dette er også namn på fleire andre planter.
Maigull har dels vore rekna som giftig. Ove Arbo Høeg har i «Planter og tradisjon» ei opplysning frå Fron om at det blant ungane var sagt at ein kunne bli blind om ein fekk safta frå den innpå auga.
I Rana er maigull brukt som namn på ei anna plante, nemleg bittekonvall/maiblom.

Advertisements

Jordforbetrar og agn

Meitemark2

I dette innlegget helsar vi på ein velkjent, sleip, men utruleg nyttig liten skapning. Han løyser opp, blandar saman og steller jorda, som vi veit. I regnver kjem han opp, fordi jorda da er fylt av oksygenfattig regnvatn som trugar med å kvele han.

Vi har for det første eit språkleg problem her, kvifor heiter det somme plassar mark, men andre plassar makk? Det er to variantar av same opphavsord, men med forskjellig lydutvikling. Norrønt maðkr er utgangspunktet. Dette har vorte til makk i mange målføre: Valdres, Hallingdal, Telemark, Agder, Vestlandet og mange stader i Nord-Norge. Så har vi mark på flatbygdene på Austlandet, i Østerdalen og Gudbrandsdalen, somme stader i Aust-Telemark, Nordmøre, Trøndelag og Helgeland. Svensk med mask og dansk med maddike har også gått kvar sine vegar her. Overgangen maðkr til mark har fleire parallellar: Ørken heng saman med aud/øde, også her med ein opphavleg d-lyd framfor k-en. Jamfør svensk öken, der d-lyden har falle bort utan å sette spor etter seg. Ein liknande lydovergang har vi i (lerka som vi har på lomma. Dette er nemleg ikkje er fuglen, slik du kanskje trudde, men eit ord i slekt med leddik ’siderom i kiste’. Og det svenske ordet burk (som også finst i norske målføre) kan jamførast med norrønt buðkr.

Meitemarken har mange dialektnamn. Fleire av desse viser til bruken som fiskeagn, såleis også det offisielle: Meite- er til verbet å meite, fiske med stong og snøre (og mark til agn). Verbet hører først og fremst heime på Austlandet, jamfør også svensk meta, og metspö om fiskestong. Beitemark/beitemakk har vi i Modum, Vestfold, Nedre Telemark, Agder, Stryn og Norddal, til beit i tyding ‘agn’. Så har vi sjølsagt agnmark og angelmark/ongulmark – til angel/ongul ’fiskekrok’.

Jordmakk er også ei ganske utbreidd nemnning. Same ideen ligg bak moldmark eller moldmakk, som vi finn i Nordfjord og på Nordmøre. Frå eit par-tre stader er det også oppgitt moldokse som namn på meitemarken (Ulstein, Øre, Orkdal). Dette er elles meir vanleg brukt om larven til tordivelen.
I presten Hans Strøms Sunnmørsbeskrivelse frå 1760-åra er meitemarken kalla regnorm, eit ord som er lite belagt seinare. «Regnmakken ligg i ein sølepytt, so hål og feit at han skin» skriv Jakob Sande i diktet «Gråver».

Ikkje alle meitemarkar ser like ut. Det er i alt 18 forskjellige artar av han i Norge. I den folkelege nemningsbruken opererer ein også med variantar, såleis bl.a. raudmakk om ein raud type som høver dårlegare til agn. Dette må vera den same som i somme målføre er kalla raudskjøv’, – skjør, -skeive o.l.. Svartmark er sagt om ein feit, mørk meitemark (Rindal, Orkdal, Selbu, Hegra). Folkeleg artsinndeling stemmer ikkje alltid med den vitskaplege, som vi veit.

”Å bløte mark” er eit gammalt slanguttrykk i Budalen og Singsås for å fiske. Ei utbreidd historie handlar om han som vart knipen i å fiske ulovleg, men som skulda på at han berre lærte marken å svømme..
Ein kar på fjelltur kom til eit vatn ved ei seter, fann fram markboksen, sette på og gav seg til å fiske. Så kom setereigaren bort og sa: – Her er det ikkje lov å fiske! – Eg fiskar ikkje. – Kva gjer du da? – Eg badar ein meitemark! – Ja, det er ikkje lov med nakenbading her heller!
Og når vi først er i det lune hjørne, kan vi koste på oss definisjonen på ‘fiskestong’: – Ei stong med ein agnmark i eine enden og ein latmark i den andre!

Jakob Sande har alt hatt ordet i dette stykket. La oss til slutt gi det til ein annan diktar, Arne Ruste, og ta med noko av hans dikt «Meitemark» i samlinga «Indre krets. Dikt» (1999): «Meitemarken, nærmere kommer du ikke guds inkarnasjon i jorden, guds tanke, tunge og tarm, verdens agn og åte, næringskjedens Alfa og Omega. … Oppstått av intet, tvekjønnet reprodusert av ingenting, og går i jord – næret av jord, nærer jord – gjødslere, borrer tunnel for oksygen, for vann og røtter, creator – cultivator. Pint under guttehender og tredd på krok for å lokke den store ørreten oppfra dypet..» Og til slutt: «Salige er de som holder meitemarken hellig for deres lønn skal være stor og ubemerket på jorden».

Bekkeblom

Bekkeblom ved Estenstaddammen 27.5.12

Veldig iaugefallande blomster i mai, med store, gule blomster, hjarteforma blad og tjukk, glatt stengel. Denne planta har den luksusen å ha to namn med offisiell status. Soleihov er det andre, og kanskje det «mest offisielle», om ein skal rangere. Det latinske namnet er Caltha palustris, der Caltha er planteslekta, og palustris er til palus ‘myr, sump’.

Bekkeblom viser til typiske veksestader, gjerne langs bekkefar. Dette motivet går att i fleire namn, som bekksoløy (Namdalen), bekkgull (Budalen), vassoleie, myrasoleie, og likeeins våttåsolei frå Øre på Nordmøre. Ei våttå er ein våtlendt jordflekk. Kilablom frå Lærdal kjem av at bekkeblomen veks i kilar, som i dette tilfellet er gamle elveleie etter at elva har skifta far.

Det andre hovudnamnet, soleihov, skriv seg frå forma på blada. Vi har mange namn med dette motivet også, som hovsoleie (som finst også i islandsk), hovblom og hov(a)gras. Alle desse hører først og fremst heime på Vestlandet. Så er det heller ikkje uvanleg å kalle Caltha palustris for hestehov. Det er oppskrive slik på Vestlandet, somme stader i Nord-Norge, og dessutan Numedal. Hestahovsoleie er registrert i Sogn og Fjordane. Russehov og ryssehov, også frå Vestlandet, inneheld ordet rysse, ei gammal nemning for merr.

Gammalt namn på soleihov/bekkeblom i Lesja skal vera maiblome. Dette er elles brukt på mange forskjellige planter, og det offisielle namnet på den som elles gjerne er kalla bittekonvall.

I Nord-Norge har vi ein namnemotivkrets som knyter seg til fasongen på frukta, ei samling belgkapslar som opnar seg langs ei side: Skolm, skolp, myrskolp, soløyskolp. Kanskje hører klosseblome frå Romedal også til her.

Det siste namnemotivet vi skal ta opp, gjeld merke for beitet. Kjørheimblomster (Nord-Trøndelag, først og fremst Innherred) er fordi at når denne blomstra, hadde beitet vorte så bra at ein kunne ta kyrne heim for mjølking midt på dagen. Første dagen dei gjorde dette, var «kjørheimdagen». Da vart det altså mjølking tre gonger for dag, og ei anna trøndernemning, trimelt eller trimeltgull, heng også saman med dette. Trimundgull i Rana har same bakgrunn: Da kunne dei munde (mjølke) tre gonger i døgnet, også kalla å tremunde. Namnet «mjølkkugoill» frå Geitastranda har truleg også med dette å gjera, likeeins øktarblom frå Åfjord og nokre samansetningar med ku-, som kublom og kyrasoleie.

Maria nøkleblom

Blomster (Foto:TEJ)

Her har vi enda ein tidleg vårplante, Primula veris på latin. I følgje oppslagsverk er den vanleg på Austlandet og i Trøndelag, meir sjeldan på Vestlandet og finst opp til Nordland.

Det store fleirtalet av namna viser jamføring med nøklar, slik som det offisielle namnet. Det kan vera at ein har sett likskap mellom blomsterstanden og ei nøkkelhonk, men etter ein annan teori er det den enkelte blomsteren som skal minne om nøkkelen til den gamle låstypen boltelås. Botanikaren Rolf Nordhagen, som også var svært språkinteressert, er vel den som særleg har forfekta dette synspunktet her i landet.

Namn med nøkkel som motiv er t.d. maria nøkleband, Jomfru Maria Nøkleband, marinøkkel (som også er brukt om fleire andre plantar), nøkleblom, nøkkelhank, lyklegras, himmelsnøkkel o fl. Motivkretsen finst også i andre land: Jungfru Maria nycklar (svensk), Jomfru Marias nøgleklippe (dansk), key flower (engelsk) og Himmelschlüssel (tysk).

Segna fortel at Jomfru Maria skal ha mista nøkkelhonka si ned på jorda. Der ho datt ned, voks denne blomsteren opp for å vise kor ho kunne finne att nøklane sine.

Planten har vore brukt i folkemedisinen, blant anna har dei kokt te av han, og derfor har vi namnet teblom eller teblomme somme stader (Hedmarka, Fåberg, Norderhov).

Blant fagfolk på botanikk er maria nøkleblom kjent også for at den oppviser såkalla heterostyli. Det vil seie at det er to forskjellige typar av blomster hos same art. Her er det lengda på griffelen og plaseringa av støvberarane som er ulik. Systemet sikrar krysspollinering.

Maria nøkleblom er kommuneblomster i Råde i Østfold og Ørland i Sør-Trøndelag.

Ratuddu

Ratuddu2

Bildet er eit forsøk på å illustrere eit ord som berre er registrert ein einaste gong (så langt). Folkeminnesamlaren Karl Braset skreiv opp «rat-uddu» frå Inndalen i Verdal. Oppskrifta er ikkje datert, men det er nok frå mellomkrigstida ein gong, kanskje helst seint på 20-talet. Han forklarar ordet slik: «når tømmer å treværk bli leggan-fer» (liggande for, altså utan å komma seg vidare). Ei uddu er trøndersk ord for ei bakevje eller ein straumkvervel. Vi kjenner det også frå namn som Udduvoll. I målføra elles finst former som ie, ia, ea o fl., i trøndermål også oddo. Normalisert form er ide. Ordet fanst også i norrønt, det finst i svensk og dansk, og i engelsk som eddy. Til engelsk er det lånt frå skandinavisk.
Førsteleddet rat betyr skrap og skrot, og er eit relativt vanleg ord. Vi har det også i f.eks. avrat.
Det er nok langt frå tømmerdimensjonar på «ratet» vi ser på bildet. Samansetninga ratuddu er i alle fall heilt logisk, men altså belagt berre ein gong. Er det fleire som kjenner ordet, eller andre ord for det same?

Gullstjerne

Gullstjerne

Her har vi også ein tidleg blomstersort, nemleg gullstjerne, som hører til liljefamilien. Gulfarga er det beste kjenneteiknet, for vi har berre ein annan gul liljeblomster, nemleg rome, som blomstrar til ei heilt anna tid på sommaren. Gullstjerna blomstrar i april-mai, gjerne før det er full-lauva, samtidig med kvitsymra og ofte på dei same plassane. Ho trivst på fuktig og næringsrik jord i skog og skogkantar, men kan også finnast på plen. Akkurat denne er fotografert på ei plen på Dragvoll, utan at det går fram av bildet. Ho er vanleg på Austlandet og i Trøndelag, men kan dukke opp langs kysten heilt opp til Troms.
Særskilte dialektnamn på denne planta veit vi ikkje om, men send for all del til oss dersom du kjenner til det. Heller ikkje i den fenomenale kjelda «Planter og tradisjon» av Ove Arbo Høeg er det ført opp andre namn på gullstjerna. Dette kan ha å gjera med at ho ikkje er brukt til noko spesielt i tradisjonen, og det er heller inga beiteplante. Men ho blir dyrka og omsett som tidleg-blomstrande prydplante.
Same namnet har ho også på dansk, islandsk og tysk (Gelbstern). På svensk heiter ho vårløk. Men på engelsk har ho det nesten sakrale namnet «Yellow star of Betlehem».

Olderraklar

Olderraklar 29.4.12

Den 15. april hadde vi innlegg om bjørkeraklar (kummar), og denne gongen følgjer vi på med raklane på older, eller or.
Namna på raklane er delvis dei same på oldra som på bjørka, men det kan vera presisert i førsteleddet kva slags tre det gjeld. F. eks. har vi olderrakle elle rorerakle mange stader, olderkummar i Trøndelag og på Nordmøre, orepalm («aorepalm») i Aurland.
Frå Støren er oppgitt «ærdder-kösje», der sisteleddet truleg kan knytast til eit ord kolse som Ivar aasen fann i Telemark, om kongle, klase på somme vokstrar. I Selbu har det vore snakk om «ærdder-tihljenn» (bestemt form fleirtal). Sisteleddet tisle kan bety klase, som i «tuhljing-tihlje» (tyttebærklase) eller aks, som i «havver-tihlje».
I Sunndal var raklane på oldra kalla kångåll (kongul), mot kømmur på bjørk. Ein informant frå Horg gir opp frøknuta om olderrakle.

Mogop

Mogop

Mogopen er av dei aller første vårblomstrane, spesielt i fjellet, men ein kan også finne han på tørre furumoar elles.

Namnet kan sjå merkeleg ut, men førsteleddet er nok det vanlege terrengordet mo ’slette’, ut frå veksestaden. Som svensk dialektnamn har vi mosippa, og i Härjedalen er dette landskapsblomsteren. Den er forøvrig også fylkesblomster i Oppland.

Sisteleddet –gop meiner ein kan henge saman med gauple eller gople, som er namn på planten storklokke, og dette i sin tur med gaupn ’handfull’. Variantar er mokopp (Solør, Hedmarka), mogobbe (Åmot) og mug(g)opp (Fåberg, også her og der i Hedmark fylke). På Voss er fjellgop registrert.
Mofivel (-fivvil, -fiffel) finst på Ringerike, i Modum (der mogopen har si sørgrense) og i Oppdal. På Ringerike er denne nemninga også brukt overført på folk, om ein skøyer. Modum har også mofiol.
Geitfivel, geitfrivill, geitfivillblomme o l er ei anna gruppe namn på mogopen. Ove Arbo Høeg er inne på at dette kan vera på grunn av den kvite hårkledninga, men finn det lite sannsynleg. Det kan heller vera fordi ein har rekna m gopen som merke på at geita kunne sleppast på beite, men det er ikkje belagt i tradisjonen. Derimot er det sagt somme stader at når mogopen begynner å henge, er det mat til kua: ”Når muggopen står i koll, dette kua i koll; når muggopen tek te å lute, tek kua te å kute” (Løten). Geitblomme, kidlingblom og bukkeblom hører til same motivkrets.
I Alvdal er mogopen kalla måssåblomst. Tælablomme (Øyer) og tælarose (Øyer, Fron) er fordi mogopen kjem medan det enno er tele i jorda.
Heilt for seg sjøl står bjønneblomme frå Sigdal.

Mogopen hører til kubjølleslekta i soleiefamilien, og den heiter da også kobjelde på dansk og koskälla på svensk. På norsk er kubjelle ei anna plante, men med liknande bygnad.

Hoggorm

Hoggorm

Hoggormen er rekordtidleg ute i år. Først i mars begynte rapportane å komma i media. Det er sjølvsagt dei spesielle forholda i vinter som har gjort at fleire har overlevd. Her ser vi ein som var tidleg ute, genialt fanga opp av Kristian Voldheim. Takk til Kristian for lov til å bruke bildet!

Det finst enkelte andre namn på hoggormen. Eiterorm er kanskje det mest kjente – eiter viser her til gifta. Fleire ord kan dekke både hoggorm og buorm. Slik er det med snok og snåk. Det siste er særleg brukt om hoggormen i Tinn, Uvdal og Hol i Hallingdal. Slettsnok er ein annan art, ein sort kvelarslange, som faktisk kan ta hoggormen. Lyngorm er orm som held til i lynget, og særleg hoggorm. Sandorm er hoggorm med same farge som sand (tradisjon frå Meldal). Gulfræning er eit ord som er registrert om orm med gulaktige flekker, vel helst buorm. Men Ivar Aasen fører også opp at det kan bety hoe av hoggorm. – fræning kan vel henge saman med frånarormen som vi kjenner frå folkevisa om Olav og Kari. Ordboksmannen Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895) har ulme om ei ungediger hoggormhoe.

Hoggormen har vore utnytta i folkemedisinen. Blant anna hører vi om ormoske, oske brent av levande hoggorm, brukt som legemiddel. Men først og fremst er det feittet, kalla ormfeitt eller ormister, som ein har rekna for probat, mot sår, kløe, tannverk og mangt anna. I Orkdal brukte dei ormister og «eintjurru» mot uty på skinnvarer. Ormisterbrennevin – ormister blanda med brennevin, skulle vera bra for blant anna kikhoste!

Syntest du hoggormbildet var fint, så sjå gjerne innom Kristian Voldheims fotoblogg: http://kristianvoldheim.wordpress.com/

Post Navigation