Moro med ord og uttrykk!

Hoggorm

Hoggorm

Hoggormen er rekordtidleg ute i år. Først i mars begynte rapportane å komma i media. Det er sjølvsagt dei spesielle forholda i vinter som har gjort at fleire har overlevd. Her ser vi ein som var tidleg ute, genialt fanga opp av Kristian Voldheim. Takk til Kristian for lov til å bruke bildet!

Det finst enkelte andre namn på hoggormen. Eiterorm er kanskje det mest kjente – eiter viser her til gifta. Fleire ord kan dekke både hoggorm og buorm. Slik er det med snok og snåk. Det siste er særleg brukt om hoggormen i Tinn, Uvdal og Hol i Hallingdal. Slettsnok er ein annan art, ein sort kvelarslange, som faktisk kan ta hoggormen. Lyngorm er orm som held til i lynget, og særleg hoggorm. Sandorm er hoggorm med same farge som sand (tradisjon frå Meldal). Gulfræning er eit ord som er registrert om orm med gulaktige flekker, vel helst buorm. Men Ivar Aasen fører også opp at det kan bety hoe av hoggorm. – fræning kan vel henge saman med frånarormen som vi kjenner frå folkevisa om Olav og Kari. Ordboksmannen Hans Ross (Norsk Ordbog, 1895) har ulme om ei ungediger hoggormhoe.

Hoggormen har vore utnytta i folkemedisinen. Blant anna hører vi om ormoske, oske brent av levande hoggorm, brukt som legemiddel. Men først og fremst er det feittet, kalla ormfeitt eller ormister, som ein har rekna for probat, mot sår, kløe, tannverk og mangt anna. I Orkdal brukte dei ormister og «eintjurru» mot uty på skinnvarer. Ormisterbrennevin – ormister blanda med brennevin, skulle vera bra for blant anna kikhoste!

Syntest du hoggormbildet var fint, så sjå gjerne innom Kristian Voldheims fotoblogg: http://kristianvoldheim.wordpress.com/

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Hoggorm

  1. Holten on said:

    Både kångåll og kongel brukast i dalane i og kring Surnadal, veit eg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: