Moro med ord og uttrykk!

Mogop

Mogop

Mogopen er av dei aller første vårblomstrane, spesielt i fjellet, men ein kan også finne han på tørre furumoar elles.

Namnet kan sjå merkeleg ut, men førsteleddet er nok det vanlege terrengordet mo ’slette’, ut frå veksestaden. Som svensk dialektnamn har vi mosippa, og i Härjedalen er dette landskapsblomsteren. Den er forøvrig også fylkesblomster i Oppland.

Sisteleddet –gop meiner ein kan henge saman med gauple eller gople, som er namn på planten storklokke, og dette i sin tur med gaupn ’handfull’. Variantar er mokopp (Solør, Hedmarka), mogobbe (Åmot) og mug(g)opp (Fåberg, også her og der i Hedmark fylke). På Voss er fjellgop registrert.
Mofivel (-fivvil, -fiffel) finst på Ringerike, i Modum (der mogopen har si sørgrense) og i Oppdal. På Ringerike er denne nemninga også brukt overført på folk, om ein skøyer. Modum har også mofiol.
Geitfivel, geitfrivill, geitfivillblomme o l er ei anna gruppe namn på mogopen. Ove Arbo Høeg er inne på at dette kan vera på grunn av den kvite hårkledninga, men finn det lite sannsynleg. Det kan heller vera fordi ein har rekna m gopen som merke på at geita kunne sleppast på beite, men det er ikkje belagt i tradisjonen. Derimot er det sagt somme stader at når mogopen begynner å henge, er det mat til kua: ”Når muggopen står i koll, dette kua i koll; når muggopen tek te å lute, tek kua te å kute” (Løten). Geitblomme, kidlingblom og bukkeblom hører til same motivkrets.
I Alvdal er mogopen kalla måssåblomst. Tælablomme (Øyer) og tælarose (Øyer, Fron) er fordi mogopen kjem medan det enno er tele i jorda.
Heilt for seg sjøl står bjønneblomme frå Sigdal.

Mogopen hører til kubjølleslekta i soleiefamilien, og den heiter da også kobjelde på dansk og koskälla på svensk. På norsk er kubjelle ei anna plante, men med liknande bygnad.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: