Moro med ord og uttrykk!

Olderraklar

Olderraklar 29.4.12

Den 15. april hadde vi innlegg om bjørkeraklar (kummar), og denne gongen følgjer vi på med raklane på older, eller or.
Namna på raklane er delvis dei same på oldra som på bjørka, men det kan vera presisert i førsteleddet kva slags tre det gjeld. F. eks. har vi olderrakle elle rorerakle mange stader, olderkummar i Trøndelag og på Nordmøre, orepalm («aorepalm») i Aurland.
Frå Støren er oppgitt «ærdder-kösje», der sisteleddet truleg kan knytast til eit ord kolse som Ivar aasen fann i Telemark, om kongle, klase på somme vokstrar. I Selbu har det vore snakk om «ærdder-tihljenn» (bestemt form fleirtal). Sisteleddet tisle kan bety klase, som i «tuhljing-tihlje» (tyttebærklase) eller aks, som i «havver-tihlje».
I Sunndal var raklane på oldra kalla kångåll (kongul), mot kømmur på bjørk. Ein informant frå Horg gir opp frøknuta om olderrakle.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: