Moro med ord og uttrykk!

Gullstjerne

Gullstjerne

Her har vi også ein tidleg blomstersort, nemleg gullstjerne, som hører til liljefamilien. Gulfarga er det beste kjenneteiknet, for vi har berre ein annan gul liljeblomster, nemleg rome, som blomstrar til ei heilt anna tid på sommaren. Gullstjerna blomstrar i april-mai, gjerne før det er full-lauva, samtidig med kvitsymra og ofte på dei same plassane. Ho trivst på fuktig og næringsrik jord i skog og skogkantar, men kan også finnast på plen. Akkurat denne er fotografert på ei plen på Dragvoll, utan at det går fram av bildet. Ho er vanleg på Austlandet og i Trøndelag, men kan dukke opp langs kysten heilt opp til Troms.
Særskilte dialektnamn på denne planta veit vi ikkje om, men send for all del til oss dersom du kjenner til det. Heller ikkje i den fenomenale kjelda «Planter og tradisjon» av Ove Arbo Høeg er det ført opp andre namn på gullstjerna. Dette kan ha å gjera med at ho ikkje er brukt til noko spesielt i tradisjonen, og det er heller inga beiteplante. Men ho blir dyrka og omsett som tidleg-blomstrande prydplante.
Same namnet har ho også på dansk, islandsk og tysk (Gelbstern). På svensk heiter ho vårløk. Men på engelsk har ho det nesten sakrale namnet «Yellow star of Betlehem».

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: