Moro med ord og uttrykk!

Ratuddu

Ratuddu2

Bildet er eit forsøk på å illustrere eit ord som berre er registrert ein einaste gong (så langt). Folkeminnesamlaren Karl Braset skreiv opp «rat-uddu» frå Inndalen i Verdal. Oppskrifta er ikkje datert, men det er nok frå mellomkrigstida ein gong, kanskje helst seint på 20-talet. Han forklarar ordet slik: «når tømmer å treværk bli leggan-fer» (liggande for, altså utan å komma seg vidare). Ei uddu er trøndersk ord for ei bakevje eller ein straumkvervel. Vi kjenner det også frå namn som Udduvoll. I målføra elles finst former som ie, ia, ea o fl., i trøndermål også oddo. Normalisert form er ide. Ordet fanst også i norrønt, det finst i svensk og dansk, og i engelsk som eddy. Til engelsk er det lånt frå skandinavisk.
Førsteleddet rat betyr skrap og skrot, og er eit relativt vanleg ord. Vi har det også i f.eks. avrat.
Det er nok langt frå tømmerdimensjonar på «ratet» vi ser på bildet. Samansetninga ratuddu er i alle fall heilt logisk, men altså belagt berre ein gong. Er det fleire som kjenner ordet, eller andre ord for det same?

Advertisements

Single Post Navigation

6 thoughts on “Ratuddu

  1. Her i Målselv «attkjippe» eit ord som nok svarar til trønderske «uddu»?

    I ordboka med Senjaord av Trond Dragøy har han med orda «ratapakk» og «rataskank». Båe er forklart som «være ubyen, uoppdragen person». Det er vel same tydinga av førsteleddet som i «rat-uddu»? Rataskank er vel også utbreidd i store delar av Nordland etter det eg har høyrt.

    I Senja ordboka er også ordet «attkjeppa» med.

    • tojk on said:

      Det er heilt riktig, Roald. Attkippe svarar til trøndersk uddu. Og det er mange ord med rat.
      Til Magne Varslot: Tusen takk for interessant kommentar. Da har vi eit belegg til på ordet, og ei stadfesting på at Karl Braset har hørt rett. Braset nemner også tømmer, så det gjeld nok heilt klart større ting enn det vi har på bildet.

  2. Magne Varslot on said:

    Min farfar (bosted Volden i Verdal, død 1971 91 år gml) brukte ratuddu om ansamling av større og mindre trestokker/vindfall/trebiter/busker/kvister ispedd litt gress (det var før plastens inntog, men nå til dags synes plasten godt) som var kommet med flommen i elva og ble liggende igjen i kantene hvor det ble mer stillestående vann, og som viste hvor høyt flommen hadde gått i løpet av den vinteren/våren. Han brukete det nok ikke om slike småting som på bildet, det knne være betydelig større dimensjoner, som kunne hindre ferdsel.

    • tojk on said:

      Jamfør svar til Roald Renmælmo, Magne. Du får legge ordet inn i den flotte nettordsamlinga di, om du ikkje alt har gjort det.

  3. Sivert Gravem on said:

    På sønndaling tala oss om øvju – eksempel Fahle-øvju der Driva gjer 90 grader sving.

  4. tojk on said:

    Og i Grøvunn har vi Storøvju og Svaøvju. Ha vel vore borti sammensetninga på sønndaling au – attøvju og oppøvju.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: