Moro med ord og uttrykk!

Archive for the day “mai 15, 2014”

Maria nøkleblom

Blomster (Foto:TEJ)

Her har vi enda ein tidleg vårplante, Primula veris på latin. I følgje oppslagsverk er den vanleg på Austlandet og i Trøndelag, meir sjeldan på Vestlandet og finst opp til Nordland.

Det store fleirtalet av namna viser jamføring med nøklar, slik som det offisielle namnet. Det kan vera at ein har sett likskap mellom blomsterstanden og ei nøkkelhonk, men etter ein annan teori er det den enkelte blomsteren som skal minne om nøkkelen til den gamle låstypen boltelås. Botanikaren Rolf Nordhagen, som også var svært språkinteressert, er vel den som særleg har forfekta dette synspunktet her i landet.

Namn med nøkkel som motiv er t.d. maria nøkleband, Jomfru Maria Nøkleband, marinøkkel (som også er brukt om fleire andre plantar), nøkleblom, nøkkelhank, lyklegras, himmelsnøkkel o fl. Motivkretsen finst også i andre land: Jungfru Maria nycklar (svensk), Jomfru Marias nøgleklippe (dansk), key flower (engelsk) og Himmelschlüssel (tysk).

Segna fortel at Jomfru Maria skal ha mista nøkkelhonka si ned på jorda. Der ho datt ned, voks denne blomsteren opp for å vise kor ho kunne finne att nøklane sine.

Planten har vore brukt i folkemedisinen, blant anna har dei kokt te av han, og derfor har vi namnet teblom eller teblomme somme stader (Hedmarka, Fåberg, Norderhov).

Blant fagfolk på botanikk er maria nøkleblom kjent også for at den oppviser såkalla heterostyli. Det vil seie at det er to forskjellige typar av blomster hos same art. Her er det lengda på griffelen og plaseringa av støvberarane som er ulik. Systemet sikrar krysspollinering.

Maria nøkleblom er kommuneblomster i Råde i Østfold og Ørland i Sør-Trøndelag.

Reklamer

Post Navigation