Moro med ord og uttrykk!

Bekkeblom

Bekkeblom ved Estenstaddammen 27.5.12

Veldig iaugefallande blomster i mai, med store, gule blomster, hjarteforma blad og tjukk, glatt stengel. Denne planta har den luksusen å ha to namn med offisiell status. Soleihov er det andre, og kanskje det «mest offisielle», om ein skal rangere. Det latinske namnet er Caltha palustris, der Caltha er planteslekta, og palustris er til palus ‘myr, sump’.

Bekkeblom viser til typiske veksestader, gjerne langs bekkefar. Dette motivet går att i fleire namn, som bekksoløy (Namdalen), bekkgull (Budalen), vassoleie, myrasoleie, og likeeins våttåsolei frå Øre på Nordmøre. Ei våttå er ein våtlendt jordflekk. Kilablom frå Lærdal kjem av at bekkeblomen veks i kilar, som i dette tilfellet er gamle elveleie etter at elva har skifta far.

Det andre hovudnamnet, soleihov, skriv seg frå forma på blada. Vi har mange namn med dette motivet også, som hovsoleie (som finst også i islandsk), hovblom og hov(a)gras. Alle desse hører først og fremst heime på Vestlandet. Så er det heller ikkje uvanleg å kalle Caltha palustris for hestehov. Det er oppskrive slik på Vestlandet, somme stader i Nord-Norge, og dessutan Numedal. Hestahovsoleie er registrert i Sogn og Fjordane. Russehov og ryssehov, også frå Vestlandet, inneheld ordet rysse, ei gammal nemning for merr.

Gammalt namn på soleihov/bekkeblom i Lesja skal vera maiblome. Dette er elles brukt på mange forskjellige planter, og det offisielle namnet på den som elles gjerne er kalla bittekonvall.

I Nord-Norge har vi ein namnemotivkrets som knyter seg til fasongen på frukta, ei samling belgkapslar som opnar seg langs ei side: Skolm, skolp, myrskolp, soløyskolp. Kanskje hører klosseblome frå Romedal også til her.

Det siste namnemotivet vi skal ta opp, gjeld merke for beitet. Kjørheimblomster (Nord-Trøndelag, først og fremst Innherred) er fordi at når denne blomstra, hadde beitet vorte så bra at ein kunne ta kyrne heim for mjølking midt på dagen. Første dagen dei gjorde dette, var «kjørheimdagen». Da vart det altså mjølking tre gonger for dag, og ei anna trøndernemning, trimelt eller trimeltgull, heng også saman med dette. Trimundgull i Rana har same bakgrunn: Da kunne dei munde (mjølke) tre gonger i døgnet, også kalla å tremunde. Namnet «mjølkkugoill» frå Geitastranda har truleg også med dette å gjera, likeeins øktarblom frå Åfjord og nokre samansetningar med ku-, som kublom og kyrasoleie.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Bekkeblom

  1. Per K. Bjørklund on said:

    Lokalt namn på soleihov/bekkeblom frå Sandnes i Hamarøy:
    »Solei».
    Engsoleie og andre artar i soleieslekta (Ranunculus) blir nemnde som »smørrblomster».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: