Moro med ord og uttrykk!

Maigull

Maigull

Vi tek med oss også denne vårplanta før mai-månaden er til endes. Denne finn vi på fuktige stader nordover til Nordland. Maigull hører til sildrefamilien, og det er tre artar i Norge. Det latinske namnet er Chrysosplenium alternifolium. Slektsnamnet er sett saman av gresk chrysos, som tyder gull og splen = milt, på grunn av bruken som middel mot sjukdommar i milten. Artsnamnet alternifolium tyder ‘med spreidde (alternerande) blad’. Merk at dei gulgrøne blada ikkje er kronblad, men støtteblad. Maigull har ikkje kronblad.
Maigull er ei lita plante som likevel blir lagt merke til fordi den kjem såpass tidleg, og dermed også blir med i vårbukettane. Den har ikkje vore brukt til mykje praktisk, og har heller ikkje mange dialektnamn. Men i Hamre i Nordhordland har dei namnet tannkrans og har brukt den mot tann verk. Elles er maigras notert frå Skåtøy ved Kragerøy; dette namnet er meir brukt om mjødurt. Frå Elverum er saueblom oppgitt. Dette er også namn på fleire andre planter.
Maigull har dels vore rekna som giftig. Ove Arbo Høeg har i «Planter og tradisjon» ei opplysning frå Fron om at det blant ungane var sagt at ein kunne bli blind om ein fekk safta frå den innpå auga.
I Rana er maigull brukt som namn på ei anna plante, nemleg bittekonvall/maiblom.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Maigull

  1. Magne Varslot on said:

    Den har kanskje ikke mange dialektnavn, men i øvre Verdal ble den kalt banskitblom, sikkert pga fargen og den lave «utflytende» vekst

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: