Moro med ord og uttrykk!

Svartsnigjill

Snigel2

Ja, her har vi han. I overskrifta har vi namnet «mitt» på denne skapningen, og det deler eg i alle fall med mange andre nordmøringar, pluss ein god del trønderar (Fosen, Oppdal, fleire stader i Nord-Trøndelag). Namnet er også registrert frå Stryn, Sunnhordland og Drangedal.
Men denne karen har mange andre namn. Det offisielle er skogsnigel/skogsnegl. I Nord-Trøndelag blir han ofte kalla snåk eller snok: ”Det månnå, det månnå, sa snåka, da a holl-på sju år over dørstokkjen”. Her finn vi også geitsnåk, og da kjem vi over på ei gruppe nemningar med førsteledd geit, som geitsnigel, geitsleip(e), i indre bygder i Sør-Trøndelag også gjet-sleme. Geit- er vel på grunn av «horna». Stundom kan motiva med fargen og horna vera kombinert, som i svartgeitsleip. Rennesleipe er eit gammalt namn registrert frå Elverum, og sleipsnok frå Inderøya.
Han er også stundom kalla tettegubbe, fordi dei la han nedi mjølkekaret for å få tettemjølk.

Når svartsnigelen kjem fram og kryp over tørre plassar, eller dreg seg på tre og grasstrå, veit han regn. Dette varselet kan også vera meir nyansert: I Rennebu heitte det at han spådde regn dersom han vendte hovudet mot nord. Frå Øksendalen har eg hørt at han spår regn om han ligg i ro på vegen. Men kryp han, er det visse teikn: det skal bli reng om han kryp oppå tuvene, men regn om han held seg nedi dumpene. Slike varsel har også ført til namnet regnsnigel (Sør-Aurdal, Numedal, Surnadal).

Og enno er det mange namn, men det blir det ikkje plass til i denne omgang. Send oss gjerne nemningar, varsel og truer om skogsnigelen!

Eg er freista til å ta med ei herme etter ein uforfalska original frå mine heimtrakter som var sterkt engasjert i EF-stiden i 1972. Han var sterkt imot, og kronargumentet hans lydde slik: «- Visst oss bli med ti EF, da kjem dem oppover ’na helvetes italiener’n og it opp all svartsnigjill’n borti skogja!»

For å balansere opp dette, avrundar vi med Olav H. Hauges dikt «Snigelen»:

Frå dyskvått, skuggalt gras kom han til vegen,
eit veldig hav av grus som duvar grått.
Men lygrå dimd og muskregn spår han godt
og lagleg vêr for yverfart. Sterkt dregen

legg han i veg, set modig beint til havs
med djerve stag og baugspryt liksom ‹‹Håpet››.
Eit fårleg hav! Her er det utrygt, ope,
og havaristar ligg her alt til grafs.

Men det er tidleg enno; ingen bil
å høyra, mjølki og eit rakle hjul
er venteleg farten; sol i sand

er dauden. Byrg skrid han utan tvil
sin kongeveg, – veit burtum veghard kul
er råsken snigleskog og grøne land.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Svartsnigjill

  1. Per K. Bjørklund on said:

    Det ligg ikkje langt unna i Sagfjorden i Hamarøy, der vi nemnde han som svartsniel.

  2. Rita Hovde on said:

    Svartsnæggel, på Frøya.

    Den 03.06.2014 09:23, skrev Moro med ord og uttrykk!: > WordPress.com > tojk posted: » Ja, her har vi han. I overskrifta har vi namnet «mitt» > på denne skapningen, og det deler eg i alle fall med mange andre > nordmøringar, pluss ein god del trønderar (Fosen, Oppdal, fleire > stader i Nord-Trøndelag). Namnet er også rgistrert frå Stryn, Sunn» >

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: