Moro med ord og uttrykk!

Frosk

Frosk

Den 30.7. i fjor hadde vi hovudinnlegg om froskeegg og ord for det: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/07/30/. Her har vi den fullt utvikla frosken.

Ein frosk er ein frosk, seier du kanskje. Og det er nok i ferd med å bli det, som følge av den raske standardiseringa vi no ser i ordforrådet. Men som vi skal sjå, er det ikkje så få både regionale og lokale nemningar for denne skapningen. Det kompliserer bildet litt at somme av orda også kan brukast om padde.

Sjølve ordet frosk har vi alt i norrønt. Det er eit fellesgermansk ord som er i slekt med frode/fråde ’skum’. Ein slektning har vi også i det danske og svenske ordet frø om frosk. Dette har vi også i eit avgrensa område her i landet (Eidskog, Sør-Odal), der frau kan brukast om både frosk, froskeegg og padde.

Ei stor gruppe av namn på frosk knyter seg til ein ordstamme lap(p)-. I botnen her ligg eit verb å lapa, som blant anna betyr å henge slapt ned, eller å dildre, om ein blaut masse. Lappe om frosk finn vi i hovudsak i Møre og Romsdal og litt inn i Nordfjord. I einstava form lapp er det notert i Fron, og i eit par eldre kjelder. Lopp har vid utbreiing på det sørlege Austlandet pluss Telemark. Så er det nokre samansetningar, som mylapp (vel opphavleg myr-) frå Gudbrandsdalen og Romsdalen, vasslapp frå Sør- og Midt-Gudbrandsdalen og grolapp frå nokre spreidde stader. Hist og her på Austlandsflatbygdene er frosken kalla paddelopp.
Ei veldig logisk nemning på frosken er ein hopp, frå Nord-Trøndelag. Først og fremst Namdalen, men også Snåsa og Sparbu. Hoppetosse er helst brukt om padda (Austfold, Vestfold), men i Nøtterøy skal det også vera brukt om frosk.

Nokre fleire froskenamn på tampen: I Sunnhordland finst samansetninga paddefrosk. Hans Ross (1895) skreiv opp myrfisk frå Innherred; det er visst ikkje rapportert seinare. Poss har eit isolert belegg frå Åsnes.

Er frosken mørk på farge, betyr det regn, vil folkemeteorologien ha det til. Eit anna varsel, frå Elverum, seier at om du ser ela (firfisla) før frosken om våren, så vil du bli rask og kvikk i det nye året, men ser du frosken først, kjem du til å bli lat. Det forklarer kanskje ein del?
Nei, det er ikkje så greitt, sa kjerringa, steikte frosk i vaffeljernet.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: