Moro med ord og uttrykk!

Raudkløver

Kløver

Det begynner vel å bli rette tida å presentere denne. Raudkløveren er rekna som ein innført art i Norge. Han gjorde sitt inntog i jordbruket med kunstenga, og vart visst ikkje vanleg før langt utpå 1800-talet. Likevel har han mange namn, skikkar og tradisjonar knytt til seg, blant anna kransbinding. Ove Arbo Høeg er inne på at somme av namna frå først av kan ha hørt til skogkløveren (Trifolium medium), som må ha vore den mest kjente raude kløverblomsteren før raudkløveren kom i bruk.
Mange av namna kan også brukast om kvitkløver, eller som ei fellesnemning for fleire slag kløver. Vi møter også namn som elles er nytta på heilt andre artar, jamfør t.d. blåknapp og jonsokblom nedafor.

Den karakteristiske mørkeraude farga har gjeve motov for mange namn. Raudkoll(e) er mykje utbreidd, kanskje ein god nummer to etter standardordet raudkløver. Rauddupp(e) er eit typisk trønder- og nordmørsord, raudkrans og raudknapp finst i Sunnfjord og Aurland, raudtopp noko spreidd, raudkaus på Helgeland og raudhuve i Tingvoll. Pluss mange fleire. Stundom må dei ha oppfatta blomsteren som meir blå: Blåhatt (Leikanger), blåknapp (Sogndal) og blåkoll (Nord-Gudbrandsdalen).
Etter blomstringstida har vi namn som jonsokblom (Suldal, Bremnes), jonsokkoll (somme stader på Sunnmøre) og jonsokskuv (Skodje). Leddet -skuv går att i fleire av namna; det har ei allmenn tyding ‘dusk, topp, kvast’.
Ungane har brukt å eta honningen i kløverblomster, og ei rekkje med namn syner til dette, bl.a.: Sukkerblom (Telemark, Agder), sukkertopp (det sørlege Austlandet, somme stader i Agder), sukkertust (Vestfold), søtekolle (Haugesund), søtetopp (Leikanger), søtknapp (Sogn), søthans (Oppdal), honningblomster (Kristiansund).
Ei eiga gruppe utgjer namn som fløytekolle (Rogaland), rømmekolle (fleire stader i Hordaland) og mjølkekolle (Stavanger), desse også (og opphavleg?) brukt om kvitkløver.
«Dusken» på kløveren minner om duskane som hosebanda er pynta med, og det har ført til namn som sokkebandsdusk, sokkebandsskruv, sokkebandspryd, sokkebandsblom, hosebandsdusk m fl. Desse ser ut til å vera konsentrert til Vestlandet først og fremst, men frå Oppdal er oppgjeve hossobandsskuv.
Smære er eit kløvernamn som hører til austafjells, og som også finst i dansk (og nærståande ord i islandsk og færøyisk. I Austfold og Akershus har vi ei anna avleiing, smæril. Her har vi ei ordrot som Alf Torp meiner ha tydd ‘leppeblomster’, og som kan vera i slekt med å smile.
Raudkløver er nasjonalblomsteren i Danmark.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: