Moro med ord og uttrykk!

Som ku i grøn eng

Ku

Ja, denne her har det verkeleg som ku i grøn eng. Kua har sett spor etter seg i ei lang rekke talemåtar som fungerer i overført forstand langt utanom landbruket. For eksempel nettopp det å leva som ku i grøn eng – å leva godt. Alternativt, og mykje mindre poetisk, det trønderske » å levva som hoinn ti ei dau merr».
Å komma som ku for økshammar er å komma akkurat passe, i siste liten, eller når det høver spesielt godt, f eks rett før ein skal til å eta.

Vi må ordne dette ”no med kyrne går så roleg» er det sagt – no medan det er rolege forhold og vi kan ta oss av dette.
Kua er vel eit vanedyr, og ”som kua på ei ny dør” er eit utrykk for å vera forvirra, desorientert, ubehjelpeleg e l. Det er like vanskeleg som å syne kua ei ny fjøsdør, kan det bli sagt. Eller å få ei gammal merr på eit nytt tråv. Gammel vane er vond å vende. Det er her elles artig å notere at Marcus Thrane i si tid uttalte at den konservative avisa Rigstidende såg på framtida på same måten som «som en Ko paa en rødmalt Dør».

Er det godt samhald og vennskap mellom to menneske, heiter det at dei er som to raude kyr – eventuelt: Som to raude kyr i ei grøn eng. Men vennskap kan gå over styr og gå over til konflikt, og da kan det hende at kua og nepsekkjen treffest – det går mot eit uavvendeleg oppgjer (to som har noko uoppgjort), det er like før det smell.

Og når det er gått så langt at ein har passert eit kritisk punkt, det er ingen veg tilbake, ikkje rom for forhandlingar, heiter det på trøndersk at «da va kua sælt».

Eit kuval eller kuverd er verdien av ei ku. ”Det va itt nå kuval”, eller rett og slett ”det va itt nå ku”, kan trønderen trøste seg med når noko går sundt eller går skeisen på anna vis. Det er ikkje så farleg med det, tapet er ikkje så stort, det kunne vore verre. – Det va itt nå ku, sa mannen, han mista merra. Meir vondskapsfullt i tonen blir t d når ein trasig nabo går bort, og den nyss nemnte mannen skal til og med ha sagt det da han mista kjerringa. Frå Rørostraktene blir det fortalt om ein som hadde hogge seg og vart frakta heim på «veltvogn» (bikkvogn). Kona til den uheldige fekk forklart situasjonen, og skal ha sagt: – Å, det va no inga ku da! Også i kortspell blir det brukt: – Det e itt nå ku vi spælle om – det er ikkje så alvorleg.

Kua blir (sikkert ganske urettferdig) rekna som både sta, dum og litt klossete. Om noen er sta og står på sitt og lar ting gå så langt at det går gale, kan ho eller han få høre: – Det e no ku! Svein Guddingsmo i Verdal fortel om ei hending i nabogrenda hans. På ein gard dreiv bonden me dhøykjøring, og kona var med og trappa lasset. Det var temmeleg bratt der, og det bar ikkje betre til enn at da lasset var nesten ferdig, ramla både kona og høyet av vogna og hamna nedover bakken. Kort og høglydt kommentar frå bonden: «- Det e ku!»

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: