Moro med ord og uttrykk!

Tiriltunge

Tiriltunge

Vi går vidare på vår vandring i sommarfloraen. Denne gongen er turen kommen til tiriltunga, denne vakre, intenst gule blomsteren som hører til ertefamilien.
Tiriltunga er kjent over heile landet og fell så lett i auga at ho har mange fått namn og skikkar. Nokre få stader har dei meint ho var giftig (som ymse andre planter med gul blomster), men for det meste har nok folk sett på tiriltunga med velvilje og glede.

Namnet tiriltunge ser ikkje ut til å ha vore stadeige for heile landet, men helst frå Telemark og vest- og nordover. På Austlandet har ein hatt andre namn, som t.d. hanekam, katteklo og namn av typen jomfru Marias gullskoeller berre gullsko, jomfrutøffel m.m.. Men no trenger jo det offisielle tiriltunge unna meir lokale namn over heile.

Ein teori går ut på at når ein snur fruktstanden på tiriltunga opp ned, vil han likne på ein kinnestav, ein tørrill, og at vi såleis skal finne opphavet til førsteleddet her. Uttalen tyder nok ikkje på det. Førsteleddet er også stava tiri-, utan l. Og gjengs oppfatning er at det er laga til verbet å tire ‘skine, stråle’, som igjen går tilbake på substantivet tir, norrønt tírr ‘glans, lys’. I dialektane er det omforma på mange vis: tirri-, tirli-, terri-, tilli-, telli-, tyri- o.fl. Siste delen kan vera skifta ut med -tom, slik at vi får t.d. tellitom, tillitom, tirritom og tirtom.

Tiriltunga har sterk, særprega lukt. Dette har gjeve opphav til litt mindre lyriske namn som skjetluktblomster (Lofoten, Vesterålen), båndrettblom (Hjartdal) og litlhusgull (Rana). Som forklaring på lukta har det versert historier om at den vonde sjøl skulle ha tørka seg bak med denne planta ein gong han hadde gjort sitt nødvendige ærend. Og dermed har vi fått ganske drastiske namn som tykjilskjeta (Velfjord), tykjigras (Vevelstad) og til og med tramens rævtrøkargres (Elsfjord)! Det kan sjå ut som det er på Helgeland slike forestillingar har stått sterkast. Vi skal ikkje her spekulere på årsaker til det.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Tiriltunge

  1. Per K. Bjørklund on said:

    Frå Sagfjorden i Hamarøy nemnde vi tiriltunge som kattklo. Det var også dei som nytta namnet tykjeklo.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: