Moro med ord og uttrykk!

Enghumleblom

Enghumleblom

Her gir vi like godt ordet med ein gong til Knut Fægri i ”Norges planter”: ”Det finnes vel ikke noe så koselig og brumlebasslignende i hele vår flora som enghumleblom Det er nesten som man venter at i neste øyeblikk skal den begynne å brumme og surre litt, der den står og nikker langs bekker og grøfter i fuktig eng. Et inntrykk som ofte blir forsterket av de uskyldsblå forglemmigei som står og titter opp på den der de vokser sammen”.

Dei klokkeforma, lodne blada kan minne om ei humle, og av dette kjem også namnet. Ofte berre som humleblom eller humleblomster, utan eng- framom. Andre namn med denne tanken bak er humlegras (Alversund, Sogndal), hommelgull (Melhus) og hommelkoll (Inderøya).

Men det er mange andre dialektnamn, og vi skal nemne nokre av dei, i hovudsak henta frå Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon. Til tida for blomstring viser jonsokblom (Toten) og sankthansblomster (Bærum); sjølsagt også brukt om mange andre planteslag. Sokkebandsblom (Sauda) har vi også sett er brukt om raudkløveren. I Rømskog heiter enghumleblomen jomfru Marias kåpe.

Og vidare: Brurblomster (Trondenes), busemann (Dovre), dokkblomster (Drivdalen i Oppdal) og røvabjødla (Voss, på stader der den ”eigentlege” revebjella, Digitalis, vantar).

Ei heilt lokal jamføring ligg til grunn i Fåberg, der både enghumleblom og skogstorkenebb er kalla vindskjæling eller vindskjælingsblom – til vindeskjerding, skjerding (jarnkrok med hakk) som er svingbar, som ein kan svinge gryta til og frå elden med.

Det latinske namnet er Geum rivale. Geum er namnet dei gamle romarane hadde på kratthumleblom, og rivale viser til veksestaden langs bekker (jamfør engelsk river).

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: