Moro med ord og uttrykk!

Endepåle

Endpåle

Vi ser enden på ei god, gammaldags hesje. Hesjetråden er forankra i to korte festepålar, så ikkje tyngda av hesja skal dra endestaurane opp av staurhola.
Det er desse pålane som mange plassar kallast end(e)pålar. Dei blir slått på plass med slegge. Andre namn som er brukt på desse pålane, er blant anna hesjapæl (Volda)og hesjepåle (også hesjar- eller hesjapåle). Hesjepåle er elles vel så mykje brukt synonymt med hesjestaur, staurane i hesja. Frå Lærdal i Sogn og Syvde på Sunnmøre har vi nemninga endenabbe. I Volda finst også eit særmerkt namn hesjatun. Siste leddet i denne samansetninga er sunnmørsordet ein tun/ton, som tyder ‘kjepp, pinne, påle’. I Øvre Sunndalen har eg også hørt ordet tørnpåle. Dette er vel til tørn – omgang med trosse eller tau rundt ein påle. Truleg er det komme frå engelsk gjennom sjømannsspråk, og det er uvisst kvifor det har funne vegen til hesjekulturen i Sunndalen.

Eg har også opplevd ein annan måte å sikre hesja på, gjennom å la strengen rundt to vanlege staurar som var sett på skrå inn mot endestauren slik at endane stakk ut på kvar side. Det kan sjå ut til at dette er ein yngre metode. Olga Tofte frå Melhus skreiv denne kommentaren til ordet «einnpåle»: «no tru æ følk bruke berre en staur, ikkj serskilt einnpåle, itjnå som før».

Endepålen skal stritte imot, og ordet ligg dermed lagleg til for bruk som skjellsord. På Byneset ved Trondheim er da også ein «einnpåle» ein skikkeleg stabeis. Men «tjørhælen» (tjorpålen) er visst enda hakket verre.
Så får vi håpe at dette innlegget ikkje er heilt «borti staur og einnpål» – ein Åfjord-variant på «borti staur og vegger».

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Endepåle

  1. Endpålan e kjøle tré’ln å få rikka når du ska ta ner nesjå att. Dæm e nå rættele stabest!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: