Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “august, 2014”

Bergflaug og flaugberg

Bergflaug2

Bratt bergvegg her, foto er denne gongen ved Tor Erik. Eitt ord går att veldig mange plasar for å beskrive slike terrengformasjonar, og det er flog. Uttalen ymsar mykje, det kan t.d. vera flåg, fløg, flaug eller flau.
Ordet flog heng saman med å flyge. Enten det no er fordi ein ikkje kjem seg på slike plassar utan å flyge, eller fordi ingenting festar seg, det flyg avstad. Ein vossing skal ha uttalt om ei planlagt vegbygging i eit terreng at det var så bratt at det ikkje var ”fykande for fugl”!
Flog/flaug går inn i fleire samansetningar. Det kan såleis heite både bergflog og flogberg (flaugberg), slik at faktoranes orden er nærmast likegyldig. Uansett er det snakk om tverrbratte, stupbratte bergvegger. «Tronge fjordbygder under flogberg og skridelaup», skriv forfattaren Henrik Rytter.
Ramnen held gjerne til i slike bergvegger, og i Vefsn er eit ramflåg nettopp ein slik bratt og slett bergvegg.
Slektskap er det truleg også med inkjekjønnsordet fly frå (Vest-)Agder og Rogaland med same tyding, helst eit opphavleg *flyg (stjerne vil seie at forma er rekonstruert og ikkje direkte belagt).
Den gode informanten Arnfinn Aune frå Sandstad på Hitra har ordet våberg etter bestemora si, om ein farleg stad. Dette ordet er også brukt av forfattarane Olav Duun og Olav Aukrust, den siste har endatil eit dikt med tittelen «Våberget». Dette inneheld elementet vå(de) – fare, sjå om vågard…. 17.9.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/09/17/faregard/.
Til slutt ei herme etter en kar i Beitstad som påstod at han hadde vore til «verdens ende». Verda endte i ein spiss, fortalte han. Men kva var det bortafor der da? ville tilhørarane veta. –Bortom der va ‘e bærre flauja!

Sinnataggen

Daudt lemen

Så var det visst lemenår igjen. Her markerer vi det med eit daudt eksemplar som Tor Erik gjekk seg på sist det var lemenår, i 2011.
Den vesle, iltre gnagaren har i grunnen berre eitt namn i norsk, også om ein ser på dialektane. Men det er mange uttalevariantar og omlagingar, og nokre av dei skal vi nemne her. For eksempel lemmet eller lemette i Nordland og Troms, eller lemann, som finst spreidd mange plassar, først og fremst i Nord-Trøndelag og Nordland. I Agder og Vest-Telemark har vi lømann, medan Austlandsflatbygdene og somme stader i Hordaland og Sogn og Fjordane kan skilte med former som lemel(d)e. Lymme eller lømme er belagt frå Tinn i Telemark, vestre Vest-Agder, Bjerkreim i Dalane og Time på Jæren. Hallingdalsforma er lomeldre; den går også inn i Sør-Aurdal og i Ådal på Ringerike. Ivar Aasen fann lemming i Salten og Ofoten. Dette tilsvarar læmingi i islandsk, og lemming har vi også i dansk og svensk (i svensk også lämmel). Lemming i engelsk, nederlandsk og lågtysk er vel lånt frå skandinavisk. I Valdres, øvre Hallingdal, Voss og somme andre stader er det omlaga og omtolka til lomhund.
I norrønt mål finst lemendr som fleirtalsform. Etymologien er uklår, men det har vore foreslått samanheng med eit latinsk verb som tydere å gøy, slik at innhaldet skulle bli omtrent ’den som gøyr’.

Vi skal ikkje her ta stilling til kva som er grunnen til at denne sinnataggen legg ut på vandring i så store mengder visse år. Det er vel enno ikkje komme ei fullgod forklaring på det. I eldre tid trudde dei at lemena regna ned frå himmelen. På Trondheimsfjorden kom eit skip i 1869 borti ein lemenflokk på svøm, og dei segla i lemen eit heilt kvarter!
Sjukdommen harepest (tularemi) var tidlegare kalla lemenfeber eller lemenpest. Teorien var vel at daude lemen forgifta vatnet og var smittekjelde. Men eg har også hørt ord som lemensykje brukt om magefarangar som gjekk i lemenår.
Gnagarar står på matsetelen til rovfuglane, og det er vel derfor kattugla kan bli kalla lemenhauk (Snillfjord), lemenvarg (Hemne) og lemenkonge (Rennebu). Lemengris er registrert som namn på snøugle. I Trysil er lemenugle oppgitt som ugleslag som et lemen; det kan kanskje vera nettopp kattugle eller snøugle.

Til slutt eit grotesk eksempel på kva ungar kan finne på. Mor til han som skriv dette, fortalte at dei brukte daude lemen som ”båtar” og segla med på ”møkkjalandet” (den flytande gjødsla som sig ut frå møkkakjellaren)!

Godversdis

22

Morgondis i klårvêr. Denne disen, lausskodda, godversskodda eller klårskodda, kan ligge i dalbotnen, gjerne over vatn eller myrar. Ho er danna av kaldluft som søkk ned, og vil løyse seg opp utover dagen etter kvart som sola får tak. Dette er eit kjent godvêrsteikn.
Det finst mange ulike ord for dette fenomenet. Vi har alt nemnt fleire, og kan ta med t.d. kjølmoa frå lista og turrgubba frå Ulvik i Hardanger.
Stemningar som dette kan kalle fram forestillingar om ymse slags vette. I Volda er tusserøyk nemning for låge skyer som kjem liksom frå ingenting og forsvinn nesten like fort.
Eit litt respektlaust ord for slik lett sommarskodde, gjerne over vatn, er munkefis. Dette ordet finst i eit avgrensa område austa- og sønnafjells, med Valdres, Numedal, Sigdal pluss Tinn og Hovin i Aurt-Telemark. Frå gammalt skal det også ha vore brukt i Vest-Agder.
Somme stader på Nordmøre, i Romsdal og Fosen er ordet sjøløyskodde (i forskjellige uttalevariantar) brukt om denne typen skodde. Dette har delvis vore tolka som «skodda som øyder seg sjøl», i og med at ho løyser seg opp og kjem bort. Men her har det helst skjedd ei overføring, for sjøløyskodde, sjøleiskodde, sjølaskodde m m er meir vanleg sagt om skodde som sig inn frå havet. Det er altså «sjølegen skodde», noko som viser seg i «sjoleia skodde», som Ivar Aasen har frå Sunnmøre, og «skodda e sjøli», som etterfølgjaren Hans Ross noterte frå Fosen.
Denne havskodda kan vera temmeleg tett, og det finst fleire fargerike skildringar av denne: Ein helgelending påsto at skoda var så stinn at «måsin kom gangan’», og uti Eide på Nordmøre skal denne skodda ein gong ha komme veltande med slik tyngd at ho braut ned eit stabbur!
Men da er vi komne langt bort frå den lette morgondisen vi ser på bildet.

Tindved

Tindved

Tindved veks i tette, tornete, nesten ugjennomtrengelege kjerr langs strender og på elvebraddar. I Trøndelag er han såleis typisk langs elveosar og på elveørar. Gerhard Schøning nemner planten frå Tautra i reiseskidringane sine frå 1770-åra. Lyskrevande pionerplante, truleg av dei første som vandra inn etter istida.
Tind- kjem helst av tornane og tyder vel her rett og slett torn eller pigg. Somme plassar i Trøndelag er planten rett og slett kalla tind (”tinnj”) eller tinde (”tinnje”). Veden er seig og hard og har vore brukt til rivetindar, og ein har meint det kan ha ført til namnet. Dette står også å lesa i ymse oppslagsverk. Kjell Furuset meiner i ein artikkel i tidsskriftet Blyttia at det er lite sannsynleg, i og med at treslag sjeldan får namn etter virket dei blir nytta til. No har vi jo rett nok også namnet tindhegg på heggen, kjent som nettopp materiale til rivetindar. Men tindved til rivetindar er det eigentleg svært få førstehandsopplysningar om, og alle er frå Ørlandet. Denne bruken må altså ha vore nokså avgrensa.
Namnet tindved er også brukt om nokre andre plantar: Kristtorn, tysbast og dvergmispel.

Eit endefram namn er også torn eller torne: ”tornan” (Saltdal, Tjøtta), ”tørn” (Hitra, Frosta), tørni (Leksvik). På svensk og dansk heiter tindveden havtorn, og på islandsk hafþyrni. Til jamføring kan vi også nemne engelsk sea buckthorn og tysk Sanddorn. I den nemnte artikkelen fører Kjell Furuset også opp eit lokalnamn tistelved, utan å heimfeste det.

Tindveden har ikkje alltid vore like populær, noko eit anna trøndernamn viser: styggved (”støggved”). Helst var det sett på som eit ukrut ein gjerne ville bli kvitt. Lokalitetar av tindved kan også gå under namn som ”støggskogen”.

Planten har sett spor etter seg i stadnamn fleire stader, som Tinnen, Tinnan, Tindøran og Tindveden. Det siste er det gamle namnet på badeplassen Djupvika i Trondheim (gamle Strinda). Her var det også husmannsplass, der Johan Tindveden budde til langt inn på 1900-talet.

Avkok av tindved har vore brukt som urindrivande middel. Les meir om tindved i folkemedisin og elles t.d. her: http://www.rolv.no/urtemedisin/artikler/hipp_rha/art1.htm

Til slutt enda eit bilde av tindved:
Tindved2

Myrullbråten

Myrull

Myrull, ja – det minner oss om Myrullbråten, den pensjonerte banevoktaren på Krokryggen Gamlehjem i Kjell Aukrusts Flåklypa-univers. Namnet Myrullbråten har nok Aukrust dikta opp sjøl; det er visst ingen stad som heiter det. Men Myrullvegen og Myrullsvingen finst som adressenamn.
Romkameraten til Myrullbråten, Sindre Piltingsrud, har derimot eit høgst reelt namn, for Piltingsrud ligg i Begndalen sør i Valdres.

Det skal finnast i alt åtte artar av myrull her i landet, dei mest vanlege er i floraene gjerne kalla torvmyrull og duskmyrull. Akkurat desse to ser visst ganske forskjellig ut. Men i ”folkebotanikken” blir gjerne alle slått saman, og felles for dei vanlegaste myrullslaga er at blomsterstanden ser ut som ein kvit ulldott. I Vennesla er nettopp ulldott det lokale namn på myrull, i tillegg til snøhatt (også det eit greitt forståeleg namn!).

”Ulla” har vore sanka inn og nytta til fyll i puter og dyner. Men det er nok berre prinsessa i eventyret om dei tolv villendene som har fått til å spinne av myrull. Elles har dei brukt myrulla til kalendermerke. Det har vore sagt t.d. at myrulla skulle vera oppe til gregorsmesse (12. mars) eller vårfrumesse (25. mars) om ho så skulle vekse opp gjennom 7 isar. Når ho nådde eit bestemt stadium, var det også livberging for krøttera, var oppfatninga.

På Hidra i Agder stappa dei dottar av myrull i øra mot øreverk. Ein annan folkemedisinsk bruk var mot ormestikk, og da var det knoppane ein kunne ty til (Osen i Sør-Trøndelag).

Fivel eller fivill er eit veldig gammalt namn på myrull, ofte i samansetninga myrfivel. Dette går jo også inn i andre plantenamn, først og fremst leirfivel. Elles er det naturleg nok veldig mange dialektnamn med myr- som førsteledd. Det mest utbreidde utanom myrull er truleg myrdun, men vi har også myrbuse, myrdott, myrdusk, myrfyk, myrsenn og mange fleire. I Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon kan du finne ei meir fullstendig overiskt.

Ein del myrullnamn viser nok først og fremst til planta om våren, utan ”ulla” i toppen, som myrkoll(e), myrlopp(e), gråkoll, svarthue o fl.

Hovudet på myrulla kan likne på eit rokkehovud, og dette har gitt namn som kjerringrokk, fivilrokk og ullrokk (det siste frå Finnmark).

Post Navigation