Moro med ord og uttrykk!

Myrullbråten

Myrull

Myrull, ja – det minner oss om Myrullbråten, den pensjonerte banevoktaren på Krokryggen Gamlehjem i Kjell Aukrusts Flåklypa-univers. Namnet Myrullbråten har nok Aukrust dikta opp sjøl; det er visst ingen stad som heiter det. Men Myrullvegen og Myrullsvingen finst som adressenamn.
Romkameraten til Myrullbråten, Sindre Piltingsrud, har derimot eit høgst reelt namn, for Piltingsrud ligg i Begndalen sør i Valdres.

Det skal finnast i alt åtte artar av myrull her i landet, dei mest vanlege er i floraene gjerne kalla torvmyrull og duskmyrull. Akkurat desse to ser visst ganske forskjellig ut. Men i ”folkebotanikken” blir gjerne alle slått saman, og felles for dei vanlegaste myrullslaga er at blomsterstanden ser ut som ein kvit ulldott. I Vennesla er nettopp ulldott det lokale namn på myrull, i tillegg til snøhatt (også det eit greitt forståeleg namn!).

”Ulla” har vore sanka inn og nytta til fyll i puter og dyner. Men det er nok berre prinsessa i eventyret om dei tolv villendene som har fått til å spinne av myrull. Elles har dei brukt myrulla til kalendermerke. Det har vore sagt t.d. at myrulla skulle vera oppe til gregorsmesse (12. mars) eller vårfrumesse (25. mars) om ho så skulle vekse opp gjennom 7 isar. Når ho nådde eit bestemt stadium, var det også livberging for krøttera, var oppfatninga.

På Hidra i Agder stappa dei dottar av myrull i øra mot øreverk. Ein annan folkemedisinsk bruk var mot ormestikk, og da var det knoppane ein kunne ty til (Osen i Sør-Trøndelag).

Fivel eller fivill er eit veldig gammalt namn på myrull, ofte i samansetninga myrfivel. Dette går jo også inn i andre plantenamn, først og fremst leirfivel. Elles er det naturleg nok veldig mange dialektnamn med myr- som førsteledd. Det mest utbreidde utanom myrull er truleg myrdun, men vi har også myrbuse, myrdott, myrdusk, myrfyk, myrsenn og mange fleire. I Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon kan du finne ei meir fullstendig overiskt.

Ein del myrullnamn viser nok først og fremst til planta om våren, utan ”ulla” i toppen, som myrkoll(e), myrlopp(e), gråkoll, svarthue o fl.

Hovudet på myrulla kan likne på eit rokkehovud, og dette har gitt namn som kjerringrokk, fivilrokk og ullrokk (det siste frå Finnmark).

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: