Moro med ord og uttrykk!

Tindved

Tindved

Tindved veks i tette, tornete, nesten ugjennomtrengelege kjerr langs strender og på elvebraddar. I Trøndelag er han såleis typisk langs elveosar og på elveørar. Gerhard Schøning nemner planten frå Tautra i reiseskidringane sine frå 1770-åra. Lyskrevande pionerplante, truleg av dei første som vandra inn etter istida.
Tind- kjem helst av tornane og tyder vel her rett og slett torn eller pigg. Somme plassar i Trøndelag er planten rett og slett kalla tind (”tinnj”) eller tinde (”tinnje”). Veden er seig og hard og har vore brukt til rivetindar, og ein har meint det kan ha ført til namnet. Dette står også å lesa i ymse oppslagsverk. Kjell Furuset meiner i ein artikkel i tidsskriftet Blyttia at det er lite sannsynleg, i og med at treslag sjeldan får namn etter virket dei blir nytta til. No har vi jo rett nok også namnet tindhegg på heggen, kjent som nettopp materiale til rivetindar. Men tindved til rivetindar er det eigentleg svært få førstehandsopplysningar om, og alle er frå Ørlandet. Denne bruken må altså ha vore nokså avgrensa.
Namnet tindved er også brukt om nokre andre plantar: Kristtorn, tysbast og dvergmispel.

Eit endefram namn er også torn eller torne: ”tornan” (Saltdal, Tjøtta), ”tørn” (Hitra, Frosta), tørni (Leksvik). På svensk og dansk heiter tindveden havtorn, og på islandsk hafþyrni. Til jamføring kan vi også nemne engelsk sea buckthorn og tysk Sanddorn. I den nemnte artikkelen fører Kjell Furuset også opp eit lokalnamn tistelved, utan å heimfeste det.

Tindveden har ikkje alltid vore like populær, noko eit anna trøndernamn viser: styggved (”støggved”). Helst var det sett på som eit ukrut ein gjerne ville bli kvitt. Lokalitetar av tindved kan også gå under namn som ”støggskogen”.

Planten har sett spor etter seg i stadnamn fleire stader, som Tinnen, Tinnan, Tindøran og Tindveden. Det siste er det gamle namnet på badeplassen Djupvika i Trondheim (gamle Strinda). Her var det også husmannsplass, der Johan Tindveden budde til langt inn på 1900-talet.

Avkok av tindved har vore brukt som urindrivande middel. Les meir om tindved i folkemedisin og elles t.d. her: http://www.rolv.no/urtemedisin/artikler/hipp_rha/art1.htm

Til slutt enda eit bilde av tindved:
Tindved2

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Tindved

  1. Berit Sandnes on said:

    Har du tatt bildet på Tindveden på Lade? Nå kalles vel badeplassen ved Djupvika for Tindveden, etter et småbruk som hadde fått navn etter buskene. Jeg har aldri sett bær på tindveden som vokser her. Har hørt at det kan skyldes at alle buskene har samme kjønn.

  2. tojk on said:

    Hei Berit, takk for kommentar! No er det ikkje eg som har tatt bildet, men eg trur dette er tindved rundt utløpet av Gaula. Men Tindveden som gammalt namn på Djupvika er nemnt i teksten. Det er også omtalt på StrindaWiki, nettsidene til Strinda Historielag.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: