Moro med ord og uttrykk!

Godversdis

22

Morgondis i klårvêr. Denne disen, lausskodda, godversskodda eller klårskodda, kan ligge i dalbotnen, gjerne over vatn eller myrar. Ho er danna av kaldluft som søkk ned, og vil løyse seg opp utover dagen etter kvart som sola får tak. Dette er eit kjent godvêrsteikn.
Det finst mange ulike ord for dette fenomenet. Vi har alt nemnt fleire, og kan ta med t.d. kjølmoa frå lista og turrgubba frå Ulvik i Hardanger.
Stemningar som dette kan kalle fram forestillingar om ymse slags vette. I Volda er tusserøyk nemning for låge skyer som kjem liksom frå ingenting og forsvinn nesten like fort.
Eit litt respektlaust ord for slik lett sommarskodde, gjerne over vatn, er munkefis. Dette ordet finst i eit avgrensa område austa- og sønnafjells, med Valdres, Numedal, Sigdal pluss Tinn og Hovin i Aurt-Telemark. Frå gammalt skal det også ha vore brukt i Vest-Agder.
Somme stader på Nordmøre, i Romsdal og Fosen er ordet sjøløyskodde (i forskjellige uttalevariantar) brukt om denne typen skodde. Dette har delvis vore tolka som «skodda som øyder seg sjøl», i og med at ho løyser seg opp og kjem bort. Men her har det helst skjedd ei overføring, for sjøløyskodde, sjøleiskodde, sjølaskodde m m er meir vanleg sagt om skodde som sig inn frå havet. Det er altså «sjølegen skodde», noko som viser seg i «sjoleia skodde», som Ivar Aasen har frå Sunnmøre, og «skodda e sjøli», som etterfølgjaren Hans Ross noterte frå Fosen.
Denne havskodda kan vera temmeleg tett, og det finst fleire fargerike skildringar av denne: Ein helgelending påsto at skoda var så stinn at «måsin kom gangan’», og uti Eide på Nordmøre skal denne skodda ein gong ha komme veltande med slik tyngd at ho braut ned eit stabbur!
Men da er vi komne langt bort frå den lette morgondisen vi ser på bildet.

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Godversdis

  1. I Målselv har vi ordet ølrøyk (ølrøk) som namn på denne skodda. Ho legg seg gjerne over myrane nede i dalbotn.

  2. tojk on said:

    Takk for det, Roald! Dette inneheld det gamle ordet øl (med tjukk l i dei målføra som har det) = varme.

    • Her om dagen fekk eg høyre ein variant av ølrøyk. Det vart sagt «øldamp» om fenomenet. Kjelda er ein særs språksikker eldre kar her i Målselv. Det er heilt klart tjukk l i både ølrøyk og øldamp. Svært tydeleg tjukk l i uttala.

      • tojk on said:

        Tusen takk for den også! Det var berre eitt belegg på øldamp i arkivet frå før (Våler i Solør). Dette må vi sørge for å få med i Norsk Ordbok band 12.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: