Moro med ord og uttrykk!

Sinnataggen

Daudt lemen

Så var det visst lemenår igjen. Her markerer vi det med eit daudt eksemplar som Tor Erik gjekk seg på sist det var lemenår, i 2011.
Den vesle, iltre gnagaren har i grunnen berre eitt namn i norsk, også om ein ser på dialektane. Men det er mange uttalevariantar og omlagingar, og nokre av dei skal vi nemne her. For eksempel lemmet eller lemette i Nordland og Troms, eller lemann, som finst spreidd mange plassar, først og fremst i Nord-Trøndelag og Nordland. I Agder og Vest-Telemark har vi lømann, medan Austlandsflatbygdene og somme stader i Hordaland og Sogn og Fjordane kan skilte med former som lemel(d)e. Lymme eller lømme er belagt frå Tinn i Telemark, vestre Vest-Agder, Bjerkreim i Dalane og Time på Jæren. Hallingdalsforma er lomeldre; den går også inn i Sør-Aurdal og i Ådal på Ringerike. Ivar Aasen fann lemming i Salten og Ofoten. Dette tilsvarar læmingi i islandsk, og lemming har vi også i dansk og svensk (i svensk også lämmel). Lemming i engelsk, nederlandsk og lågtysk er vel lånt frå skandinavisk. I Valdres, øvre Hallingdal, Voss og somme andre stader er det omlaga og omtolka til lomhund.
I norrønt mål finst lemendr som fleirtalsform. Etymologien er uklår, men det har vore foreslått samanheng med eit latinsk verb som tydere å gøy, slik at innhaldet skulle bli omtrent ’den som gøyr’.

Vi skal ikkje her ta stilling til kva som er grunnen til at denne sinnataggen legg ut på vandring i så store mengder visse år. Det er vel enno ikkje komme ei fullgod forklaring på det. I eldre tid trudde dei at lemena regna ned frå himmelen. På Trondheimsfjorden kom eit skip i 1869 borti ein lemenflokk på svøm, og dei segla i lemen eit heilt kvarter!
Sjukdommen harepest (tularemi) var tidlegare kalla lemenfeber eller lemenpest. Teorien var vel at daude lemen forgifta vatnet og var smittekjelde. Men eg har også hørt ord som lemensykje brukt om magefarangar som gjekk i lemenår.
Gnagarar står på matsetelen til rovfuglane, og det er vel derfor kattugla kan bli kalla lemenhauk (Snillfjord), lemenvarg (Hemne) og lemenkonge (Rennebu). Lemengris er registrert som namn på snøugle. I Trysil er lemenugle oppgitt som ugleslag som et lemen; det kan kanskje vera nettopp kattugle eller snøugle.

Til slutt eit grotesk eksempel på kva ungar kan finne på. Mor til han som skriv dette, fortalte at dei brukte daude lemen som ”båtar” og segla med på ”møkkjalandet” (den flytande gjødsla som sig ut frå møkkakjellaren)!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: