Moro med ord og uttrykk!

Bergflaug og flaugberg

Bergflaug2

Bratt bergvegg her, foto er denne gongen ved Tor Erik. Eitt ord går att veldig mange plasar for å beskrive slike terrengformasjonar, og det er flog. Uttalen ymsar mykje, det kan t.d. vera flåg, fløg, flaug eller flau.
Ordet flog heng saman med å flyge. Enten det no er fordi ein ikkje kjem seg på slike plassar utan å flyge, eller fordi ingenting festar seg, det flyg avstad. Ein vossing skal ha uttalt om ei planlagt vegbygging i eit terreng at det var så bratt at det ikkje var ”fykande for fugl”!
Flog/flaug går inn i fleire samansetningar. Det kan såleis heite både bergflog og flogberg (flaugberg), slik at faktoranes orden er nærmast likegyldig. Uansett er det snakk om tverrbratte, stupbratte bergvegger. «Tronge fjordbygder under flogberg og skridelaup», skriv forfattaren Henrik Rytter.
Ramnen held gjerne til i slike bergvegger, og i Vefsn er eit ramflåg nettopp ein slik bratt og slett bergvegg.
Slektskap er det truleg også med inkjekjønnsordet fly frå (Vest-)Agder og Rogaland med same tyding, helst eit opphavleg *flyg (stjerne vil seie at forma er rekonstruert og ikkje direkte belagt).
Den gode informanten Arnfinn Aune frå Sandstad på Hitra har ordet våberg etter bestemora si, om ein farleg stad. Dette ordet er også brukt av forfattarane Olav Duun og Olav Aukrust, den siste har endatil eit dikt med tittelen «Våberget». Dette inneheld elementet vå(de) – fare, sjå om vågard…. 17.9.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/09/17/faregard/.
Til slutt ei herme etter en kar i Beitstad som påstod at han hadde vore til «verdens ende». Verda endte i ein spiss, fortalte han. Men kva var det bortafor der da? ville tilhørarane veta. –Bortom der va ‘e bærre flauja!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: