Moro med ord og uttrykk!

Knakk og krakk

litenplakat

Fredag 30.8.14 opna eg ei utstilling av knakkar/krakkar i Klæbu. Her kjem ein litt redigert versjon av innlegget, med plakaten for arrangementet som illustrasjon:

Knakken/krakken er kanskje litt uanseleg mellom møblane, men han er viktig, og har si kulturhistorie. Ordboksdefinisjonane er stort sett enige, det er eit enkelt sittemøbel, særleg av tre, med eit sete (sess) festa på (oftast fire) føter eller stettar (men det finst for all del «tristettaknakka»), og det er ikkje ryggstø eller lene. Nærsynonym er lånorda skammel og taburett; knakk og krakk er begge heilnorske.
Orda knakk og krakk betyr oftast akkurat det same. I ordbøker kan vi av og til sjå at ein prøver å nyansere knakk til liten krakk, men det er det knapt dekning for. Vi har jo også f eks storknakk, som er eit nordmørsord for langbenk. Så det er nok meir geografisk og generasjonsmessig forskjell. Knakk blir avløyst av krakk, som del av den standardiseringa vi ser så masse av i ordforrådet i dag. Knakk hører heime nordafjells: Trøndelag, Møre og Romsdal, Nord-Norge.
Dei to orda er faktisk ikkje i slekt i det heile tatt, ikkje av same rot. Knakk er faktisk eldst, det er belagt i norrønt som knakkr. Det hører til same ordrota som f eks knagge. Krakk er ikkje belagt i norrønt, men har språkleg samanheng med krake/kråkkå (‘påle, staur’) og krok, og t o m adjektivet krank ‘sjuk’ hører heime i den ordslekta. Ja, er ein krank, så kan ein jo bli krakksittandes, som dei seier på Austlandet. Ein greier ikkje å gå (pga skade, sjukdom, svakheit) og må forbli sittande på krakken.
Det er jo mange typar knakk eller krakk: f eks kjøkkenknakk, som er typisk. Storknakken om langbenken, på framsida av langbordet var vi så vidt inne på (indre Nordmøre). Den er utypisk fordi den er så lang, det er plass til meir enn ein. Ein prototypisk knakk har plass til ein person. Mange plassar vart nok storknakken kasta ut i lag med langbordet. Sjølv har eg mang ein gong sitte på ein spellmanssknakk.
På Nordmøre var det noe dei kalla kistknakk. Det var ein knakk eller liten benk med eit rom der ein kunne ha tølene sine. Stundom var det låsbart. Den fungerte særleg som ein slags kombinert reisekoffert og garderobeskap for tenesttauser. Var det ryggstø på han, vart det kiststol i staden.
Knakken kan ha hol, da blir det ein såkalla holknakk eller hølknakk (eventuelt hølkrakk). Holet kunne vera for nattmøbel, men det kunne også vera større hol i setet så ungar som skulle lære å gå, kunne bruke den som ein slags gåstol. Å sitt på hølknakka (Soknedalen, Budalen) er å bli oppgjølt og forkjælt, bortskjemt, eller også å ville stå på god fot med noen, prøve å innynde seg.
Det var vel ein slik hølknakk han Oluf i Rallkattlia satt på da Gammelmonsen såg sitt snitt til å få tak i hans edlare delar.
Og så har vi ikkje minst fjøsknakken, til å sitte på når ein mjølkar. Hadde ein berre visst om alle tankar som har gått gjennom hovudet på dei som har sete på ein slik ein gjennom tida! Urvne budeier om søndagsmorgonen for eksempel, etter fest og dans kvelden før. Får driste oss på ei lita historie om denne knakken: Det var kveldsstell i fjøset ein laurdag, kjerringa og fjøstausa satt på kvar sin fjøsknakk og mjølka kvar si ku, med bøtta mellom låra. Plutseleg datt bøtta ned for fjøstausa. Kjerringa illsint: – Kva er det du tenkje på? – Nei, eg tenkje på at i kveld så kjem ‘en Lars, sa ho. Det var vel ein grunn til at det ikkje vart nok åtklemt!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: