Moro med ord og uttrykk!

Trottig som ei bie

Bie

Bier er i mediebildet om dagen. Det minkar faretruande med dei, og dette er absolutt noko å ta alvorleg. Sjølv fekk spalteskrivaren, som et honning på kakeskiva kvar dag, merke det her om dagen da det viste seg at det ikkje var honning å få kjøpt på ein plass der han rekna det som sikkert at det skulle bli handel.
Biene er viktige ikkje berre for honningproduksjon, men også for bestøving av mange planter. Sjølvaste Einstein skal ha sagt at dersom biene kjem bort, har menneska berre fire år att å leva på jorda. Årsakene til tilbakegangen er dei vel ikkje heilt sikre på. Men biene er sårbare for endringar i naturmiljøet, og mykje tyder vel på at insektgifter kan ha ein god del av skulda.

Sjølve ordet bie er det ikkje så mykje å seie om, og det er lite eller ingen målførevariasjon. Einast at det somme stader er hankjønn, ein bi.Dei meiner at bi(e) er ei form som er lånt inn frå tysk og dansk. I norrønt heitte det (aksenten syner at y-en er lang).Eldre dansk hadde også forma by. Tysk har i dag Biene, men «bi» finst som dialektform. Etymologien er elles ikkje heilt klår, men det er ikkje urimeleg at ordrota opphavleg har vore lydhermande. Men biene har i alle fall sett spor i seg i språket i talemåtar ut frå eigenskapar vi tillegg dei: «flittig som ei bie» eller «trottig som ei bie».

Ein hovudskilnad på bier og kvefs er som kjent at kvefsen er mykje tynnare over «midja». Og så stikk bia berre ein gong. Såleis er eit biestikk dødeleg – for bia!

Det er ikkje mykje tilfang frå folketrua å finne om bier. Men frå Østfold er det fortalt at dersom biene flyg flokkevis til kubane, blir det regn.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: