Moro med ord og uttrykk!

Sopin, svang, eller rett og slett hungrig?

Sjømat

Glupsk spalteredaktør, klar til å kaste seg over sjømaten. Det vanlegaste adjektivet i norsk som fortel om det å kjenne svolt, er sjølsagt svolten/sulten, med uttalevariantar som svultin, sultin, svøltin etc. Dette er opphavleg ei partisippform til verbet å svelte.
Men det finst naturlegvis mange andre ord i norsk som betyr’svolten’. Eit av dei mest utbreidde er hungrig, også dette i ymse uttaleformer (hongri, hongrau etc). Same ordet har vi jo både i svensk, tysk og engelsk. Likevel er det ikkje nødvendigvis lånt. Substantivet hungr fanst i norrønt, så adjektivet kan vera utvikla på heimleg grunn.
Sopen eller sopin er eit ord som gjerne blir knytt til Trøndelag. Mest typisk er det kanskje for nordfylket, men det er/var ein god del brukt i sør også. Dessutan finst det spreidd nedover på Nordmøre og i Romsdalen, og andre vegen har vi det i Nordland og heilt opp til Troms. Det er nok avleidd til verbet sope ’feie, koste’. I Gauldalen har ein hatt eit refleksivt verb å sopes, om å leite, snoke (etter mat). Den kjente spelmannen Asmund Bjørken kom med ordet sopskjølder frå Verdalen. Det vil seie skjelving av svolt.
Eit ord som er heilt avgrensa til Trøndelag, er matin (maten). Slik som sopin dette har tyngdepunkt i nordfylket, men ein kan også støyte på det i Fosen. Direkte avleidd til substantivet mat, som vi forstår.
Vidare har vi fleire samansetningar med mat pluss eit adjektiv som betyr ’lysten’, t.d. matlotten (også det trøndersk). Mattidig (”mat-tiau”) dukkar opp austafjells mange plassar, men med utlauparar til Sørvestlandet og Orkdalen.
Ein interessant etymologi har svang. Det er svært så kjent nordafjells, særleg i Nord-Norge. På trøndersk grunn har det kjerneområdet sitt i Namdalen. Ei meir opphavleg tyding er ’slunken, tom (over magen’). Ordet er i slekt med å svinge, så når ein er svang, er magen altså så tom at han svingar innetter! Her kan vi jamføre med svange ’lyske, lårkrik’, som jo også er noko som svingar inn.

Vi får tru redaktøren på bildet vart stappmett – eller trutmåttå, som det heiter på gammaldags bynesing

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Sopin, svang, eller rett og slett hungrig?

  1. Per K. Bjørklund on said:

    Svang, ja. I Sagfjorden i Hamarøy var dette den mest bruka nemninga, men som no viker for «sulten» hos dei yngre. I tillegg til svang bruka vi også svultj’n og hongri’. Når du kom inn etter ei lang arbeidsøkt, kunne du vere heilt utsvultj’n, eller utfar’n (utfaren), som vi også sa.

  2. I Mo i Rana er det en kafé som heter Svang.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: