Moro med ord og uttrykk!

Bjøllesau

Bjellesau

Vi får håpe dei som driv med slikt, får dei aller fleste sauene sine velberga og uskadde heim. Her er eit fint eksemplar av ein bjøllesua, fanga inn av Kristian Voldheim. Mange endar vel opp som fårikål i desse tider.

Her i Norge brukar vi jo ordet sau som artsnamn, i motsetning til danskane og svenskane, som har får. Dette siste er jo mest litterært og bibelsk, bortsett frå i samansetningar som nettopp det nemnte fårikål. Ein vestnordisk variant på får finn vi i namnet Færøyane, som bokstavleg tala tyder ‘sauøyane’. Sau går inn i svenske målføre t.d. i Jämtland.

Ordet sau er identisk med det gotiske sauþs ‘offer’. Det har vel vore bruka sauekjøt til heidenske ofringar. Ordet er i slekt med å syde ‘koke’, slik at sauen er det dyret som vart koka.

Bjøllesauen er sauen som ber bjølla, og får skiftande namn i målføra etter kva ord ein har for hosauen, søya: bjøllesøye, bjølleskjedde, bjølletikse («bjillteks») m fl.
Overført om person er det ein som er leiande, som fører an i flokken. «Dar bjellesauen gjenge fyre, fyle hine ette», heiter det i eit ordtak i versjon frå Sunnfjord.

Til slutt i dag ei historie på vaskeekte Valdres-mål, som involverer både bjøllesau og bakvendtsnakk. Den er henta frå Gunnar Hauge: «E det ikkji sant, so e det gødt løgé. Historio o skrøno or Valdresbygdo» (s. 36): ”So lettvint va det kji ratt o få det te alle stan. I ein heim hadde dei kji vaffeljødn, men kjeringé brukte o gå te granna uppi Bakka o fekk steikji vaffela der. Dessa fysste følke hadde ei bjøllesøye so va so gjæv, dei akta ho so gødt o passa nøye på ner ho skulde lembe.
Den helvvaksne døtte på gardé va fælt upptaki tå dessa med, men ho hadde so lett før o tala lite bakvendt. ”Ho mor lemba den dagen bjøllesøya va uppi Bakka o steikte vaffela,” førtelde jenta”

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Bjøllesau

  1. Her på øyene utenfor Tjøme har vi «Færderfår» – og den blir jammen meg fårikål den også.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: