Moro med ord og uttrykk!

Jesussky

Jesussky2

«Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom» står det i Lukasevangeliet 21,27, og vi held oss her til Nynorskbibelen frå 1921. Omtrent det same står i Matteus 24,30, og i Johannes’ Openberring 1,7 heiter det «sjå, han kjem med skyene». Dette skal vera varsel om enden på verda.
Denne gongen gjekk det bra, men det er desse skriftstadene som gjer at eit slikt fenomen som vi ser på bildet, kan bli kalla Jesussky. Eg veit ikkje akkurat kor mykje ordet er brukt, men det finst bilde rundt ikring på nettet med denne tittelen.

No finst det også mange ord for å skildre dette som ikkje knyter seg til Bibelen eller religiøse forestillingar. Somme av dei var vi inne på i hovudinnlegget om klårhol 23.8.2013: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/08/23/.
Først og fremst har vi ordet glan. Frå Tysfjord er det forklart som rift i skylaget som ein ser solglansen gjennom. Samansetninga solglan kan tilsvara Jesussky, men er også brukt om raud kveldshimmel. Skyglan er ei anna samansetning som dekker omtrent det vi har for oss her. Trond Dragøy noterer glirteks (inkjekjønn) frå Senja. Sola kan gløtte fram i eit «glirteks» mellom to skyer. Glirteks kan også tyde snarvisitt.
På Sunnmøre finst ordet ei glæme, som kan tyde ei opning i skylaget, eller eit solgløtt mellom elingar. Da er det glæmever (Ulstein). Eit solblik kan vera ein solgløtt, ei opning i drivande skyer så sola kjem fram ein sommardag (Vik i Sogn, Goppen og Breim i Nordfjord).
Og enda finst det sikkert mange fleire ord vi kunne hatt med her!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: