Moro med ord og uttrykk!

Å smi kaura

Kaura

Vedfyringssesongen er i gang for mange av oss, og vedfyringa har sin terminologi. På bildet ser vi flott krulla tennspon som du får når du brukar kniven riktig på ei skie opptenningsved. Og å smi betyr å spikke, for den som stussar på overskrifta.
Opptenningsveden har mange namn, som tennved, eldtenne, kveike, kveiksle, nøreved m.m. Men somme namn går spesielt på denne krulla forma. I Setesdal og Åseral er dei såleis rett og slett kalla krulla(r).
Eit mykje utbreidd ord for slike sponar er kaur eller kaure (i fleirtal kaura). Det er vanleg i Trøndelag og på Nordvestlandet (ned i Sogn og Fjordane), og finst også i Nord-Norge. Somme plassar austafjells kan ein også gjera seg forstått med det, som Gudbrandsdalen og Land. På Nordmøre og i Romsdal også i samansettinga kaurfløy.
Kaur(e) har ein etymologisk slektning i kåre. Dette er bruka om krulla spon i Østerdalen, Gudbrandsdalen, somme stader på Hedmarka, i Romsdal, hist og her på Nordmøre, ganske utbreidd i Trøndelag, og dessutan i innflyttarmålet i Bardu i Troms. I Grong seier dei tennkåre. Grunntydinga til både kåre og kaure er ‘krulle, bøye’. Mannsnamnet Kåre tyder såleis eigentleg ‘den som har krulla hår’.
Krusa hår er det same som krulla hår. Og kruse om krulla tennspon finn vi i Valdres, Ryfylke, mange plassar i Sør-Trøndelag og inn på nordmørsk grunn i Rindal. Det er enkeltbelegg også andre stader, og frå Nissedal i Telemark er nemnt tørikrusar (tyri-).
Setesdølane har eit særmerkt verb for å smi (spikke) kaurar – å sivre («sivre krulla», «sivre til spika»).
Kaure, kåre og kruse kan altså gå litt om kvarandre i Trøndelag. Ivar Eggen, Melhus, har ei historie om det: Den nybakte bestefaren som vart spurt kva den nyfødde gardguten skulle heite. – Jau, det var Kruse. Spørjaren stussa litt, og da sa bestefaren: – Ja, eller Kåre da, for det bli no det såmmå!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: