Moro med ord og uttrykk!

Nordvest og haggelbrest

haglskur

Det er tida for stridt vêr og store nedbørsmengder. «Elingan jaga kvarander i liå», som ein nordmørsdiktar skreiv. Biletet denne gongen er knipsa under ei haglskur.
Slikt er det også mange namn på i norsk talemål: Haglskur, haglbyge, hagleling, hagldrive, haglflo, haglfloing, haglkave m m.
Somme er heilt allmenne, andre kan vera meir lokale, som haglfræning (Hareid) og haglfuke (Vanylven).

Det kan verke som mesteparten av dei meir særmerkte orda på dette området hører til langs kysten i vest og nord. Haglebar er eit nodvestlandsord for vêr med haglbyger, og til dette får vi ein haglebare, som er ei piskande haglbyge, ein haglebardysing (Sande på Sunnmøre) og ein haglebareling. Som forfattaren og politikaren Marie Lovise Widnes Johansen frå Vanylven skildrar ein typisk vêrsituasjon på hennar kantar: «rennedriv og haglebarelingar den eine dagen og spillevatn og strupleregn den andre».

Haglbrose og haglbrøyse er også typiske vestlandsord, frå Sunnmøre og heilt ned til Ryfylke. I Suldal er ei haglbrosa ei haglskur i vind, så det piskar mot ansiktet.

Så har vi haglbrest og haglbresting, ord som er spreidd oppover langs kysten frå Hordaland til Troms. Frå Frøya heiter det at dersom det er vind mellom vest og nord, og det så kjem ein «haggelbrest» (haglskur som kjem brått og er svært kraftig), vil vinden ikkje gå meir til nords, men ha ein tendens til å dreie meir vestleg igjen. Elles går dette inn i talemåtar som «sørvest og haglbrest», men meir vanleg «nordvest og haglbrest». Dette skal elles lova bra, skal ein tru ein litt utvida versjon frå Øksendalen på Nordmøre: «nordvæst og haggelbræst e godvêra næst». (det er altså nærast godvêret; merk at næst løyser ut dativform «godvêra» her).

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: