Moro med ord og uttrykk!

Grønspett

Grønspett1

Det er på tide med eit fuglebilde igjen. Takk til Kristian Voldheim, som denne gongen har fanga inn grønspetten. Som kjent er denne hos oss heile året, ein såkalla standfugl. Picus viridis er det latinske namnet. Denne spettearten er heller still av seg på den måten at han sjeldan trommar. Men ropet hans er velkjent, og brukt i vervarsel, som vi skal sjå. Den grøngrå fjørdrakta, med raud isse og nakke, gjer han lett kjenneleg, sjøl om han kan likne noko på gråspett.
Når det gjeld menyen, er dette den av spettane våre som er mest spesialisert på levande maur, med ei ti centimeter lang tunge som han kan stikke inn i maurgangane.

Men no over til dei forskjellige namna:
Det første namnet eg lærte på denne fuglen (etter far min) var grøntrevekkar. Dette er frå Sunndal, og Hans Ross (1895) fører same ordet opp frå Surnadal og Oppdal. Trevekkar = hakkespett, slik at førsteleddet grøn- gir artspresisering. Trevekkar er visst eigentleg tre-vedkarre. I Rindal heiter han grønvedkarre, i følgje Eilert Mo. Hans Ross har grøntrevekkje, frå Nordmøre og Oppdal. Namnet på han i dagens Oppdals-målføret er grønvedkakk. Sigurd Nergaard skriv i sine folkeminnesamlingar frå Østerdalen om «grønhakkspitten».
Grøn(e)torkjell, også uttala -torkjedl, er namnet mange stader i Sogn, og dessutan på Voss (Hans Ross).
Frå Eide på Nordmøre er notert «grønjarstru», til forskjell frå «vassjarstru». Jamfør gjertrudsfugl om svartspetten.
Eit par plassar på Nordmøre har namnet grønskjor. Dette er meir vanleg om gulsporven.

Gulspett er også registrert som namn på grønspetten. ”Overgumpen” (nedste del av ryggen, like over stjertrota) er markert, lysande grøngul, og det visest godt når han flyg. Kjøtet av «gulspett» (eventuelt suppe kokt på det) vart ete som kjerringråd mot gulsott. Men gulspetteøl var nedsettande ord for dårleg øl som rusa lite (Hardanger).

Lauvspett er nemnt som dialektord for grønspett i fuglebøker og leksika, men det er lite med andre belegg. Uansett er det vel fordi han held til i lauvskogen.

Lihest er registrert frå Agder, bl a Lista. Til grunn ligg det hesteknegg-liknande ropet.

Og med det kjem vi over til grønspetten som vervarslar. Skriket skal varsle regn, og derfor kan han få heite regnfugl elle regnpipe. Desse namna er også brukt om andre fuglar, ofte svartspetten. Regnskvip i Vestfold er sagt om både grøn- og svartspett.

Så har vi ei lang rekkje namn konsentrert til Hordaland og Ryfylke, mange notert av Hans Ross, som viser at ein har meint grønspetten «skreik for nordavêr»: Nordagøye, nordavindsgøye, nordavindsklikte (i Ryfylke også uversklikte, fordi ho skrik mot uver, eller berre usamansett klikte), nordavindspipte, nordavindsskrikke, nordavindsskrikte, nordavindsskvipe (i Masfjorden også usamansett skvipa), nordavindsskvipte og nordavindsskvækte.

Lokalt i Jordalsgrenda lengst ut i Sunndal kommune er grønspetten kalla «almskårmerra», etter garden Almskåra rett over fjorden.

Til slutt nemner vi at ei barnehageavdeling i Rauland heiter Grønspett. Godt namn!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: