Moro med ord og uttrykk!

Flaggspett

Flaggspett

Over til ein annan spettefugl, denne gong flaggspetten; Dendrocopos major. Flaggspetten spreier seg visst nordover i våre dagar, og er kjent for å kile fast kongler i ei såkalla spettesmie når han skal tømme dei for frø.

Namnematerialet er ikkje så rikt her som for mange andre fuglar. Dels er han nemnt som stor flaggspett, i motsetning til liten flaggspett, som er dvergspetten.
Flaggspett er det offisielle namnet i dag, men det kan absolutt ha dialektgrunnlag. Hans Ross har namnet med i ordboka si frå 1895, med heimfesting til «Østl(andet)». Men før det er det nemnt i ei ordsamling i Jonas Ramus’ «Norriges Beskrivelse» frå 1715. Ramus var prest i Norderhov på Ringerike frå 1690 til han døydde i 1718. Han kan vel ha hørt namnet der. Det kan også ha komme frå dansk,der fuglen heiter (stor) flagspætte.

Namnet kunne ein tru han fått av det svarte og kvite mønsteret, med den raude flekken, som kan ha mint om eit flagg. I Ordbog over det danske sprog reknar ein med at førsteleddet er mellomlågtysk vlacke, vlecke = flekk. Uttaleorma flakkspett, som er registrert frå Nordli, kan såleis vera nærare det opphavlege. I ei eldre lærebok i zoologi (ved Johannes Lid, mannen bak den kjente «Norsk flora») er namnet flekkspett brukt.

Andre namn: Frå Kvennværet på Hitra er oppgjeve flaggstongspett. I fuglebøker og leksika kan vi støyte på barspett. Heilt til slutt har vi nordavindsskvipte, som er meir utbreidd om grønspetten, sjå hovudinnlegg 12.11.14: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/11/12/. Men ein sentral skikkelse i 1814, W. F. K. Christie, har det om flaggspetten i sitt «Norsk Dialect-Lexicon» frå omlag 1830-40, trykt i 1937.

På svensk heiter denne fuglen större hackspett og på engelsk great spotted woodpecker.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: