Moro med ord og uttrykk!

Itt fårrå nålless

Itj færra nålless» eller «itj fårrå nålless» er ein trøndersk talemåte når ein tek farvel med nokon. Det uttrykker eit ønske om at ein ikkje må komma til skade på noko vis, men komma vel fram. Andreas Lunnan gjorde dette landskjent.
Grunnen til at vi tek det opp her, er at det tydelegvis er ein del forvirring rundt opphavet. I Ny Tid 21.11.14 er det ein artikkel om det elles framifrå sørsamiske kunstprosjektet Dalvedh, drive av bilde- og performancekunstnar Sissel Bergh. Der heiter det: ”Eit døme som Sissel Bergh sjølv kom med, handlar om den trønderske dialekten som har fleire ord som ho vel å tolke inn i ein sørsamisk kontekst, blant anna uttrykket ”Du må itj færra nålles” – eit ord som ein finn att i sørsamisk ”nålloes”, som betyr ”lett å narre”.
Ein person som kontakta meg privat, hadde alltid kopla ”nålless” til nåe ’dauding’, slik at ”itt fårrå nålles” skulle bety ’ikkje utsett deg for livsfare’.
Begge er like feil. Nålless er trøndersk dialektform av adverbet nokoleis. Det fell inn i ei gruppe adverb som er samansett med -less (nynorsk -leis, bokmål -ledes): på trøndersk sålless (såleis), kolless (korleis), annsless og nokre ganske få til. Det er laga til lei/led, og uttrykkjer altså at noko går i den leia, den vegen, på den måten, som førsteleddet seier. Annsless (annleis, annerledes) – i ei anna lei – på ein annan måte.
I min dialekt frå Indre Nordmøre heiter det «du må ikkje fara nåkkolenna», med tydeleg form av noko i førsteleddet. «Nålles» passar perfekt som samansetning av noko (trøndersk «nå») og -leis («less»). Opphavleg tyding er nok ‘på ein eller annan måte’, så «itt fårrå nålless» og «ikkje fara nåkkolenna» blir ei slags eufemistisk omforming.
Dersom det er ein samanheng mellom trøndersk ”nålles” og det sørsamiske ordet, må lånevegen i tilfelle vera frå trøndersk til samisk. Eg har ikkje nok kunnskap om sørsamisk til å kunne avgjera det, men det er helst snakk om tilfeldig likskap.

Her kan du sjå utdrag av artikkelen i Ny Tid 21.11. og svarinnlegg frå Tor Erik Jenstad 28.11.
Nålles«

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: