Moro med ord og uttrykk!

Gjertrudsfuglen

Svartspett1

Så vart det endeleg svartspetten sin tur! Dette er ikkje berre den største spettefuglen vår, men også den som har flest dialektnamn og som det er mest folklore knytt til seg .

Mange av namna kjem av trua på at han varslar regnvêr. Vi nemner i fleng regnflipe, regnklipe, regnkråke, regnpipe, regnskvip og regnspyte. Fleire av dei har han felles med grønspetten. (Sjå innlegget om grønspetten 12.11: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/11/12/). Uversfugl kan bli brukt om svartspetten og mange andre fugleslag.

Gjertrudsfugl viser sjølsagt til det kjente eventyret om bakstekona Gjertrud som fekk besøk av Vårherre og Sankt Peter. Dei var svoltne og bad om lefse. Men same kor lite emne ho tok, vart lefsa for stor, så ho unnte dei den ikkje. Til straff for dette skapte Vårherre ho om til ein fugl som flaug opp gjennom pipa. Dermed vart ho svart på kroppen, og flyg rundt slik med den raude huva si og pip mot regnvêr. For ho er alltid tørst.

På Nordmøre heiter svartspetten derfor fleire stader bakstgjertrud (”-jattru”), i Eresfjorden bakstergjartrud og i Hemne bakargjartrud. Regnvarslet har også gjeve nordmørsnamn som pissgjertrud og vassgjartrud. I Nesset i Romsdal er varslet så hårfint at dersom bakstejartru hakkar på trea, blir det klårvêr, men dersom ho flyg frå eitt tre til eit anna, blir det styggvêr. Vasskari og vass-skjor er to namn som er notert frå Gjemnes på Nordmøre; begge desse viser vel også til svartspetten som vêrvarslar.

Svartgjertrud (Hurdal, Sollia, Dovre, Rennebu) viser sjølvsagt til den svarte fargen, og det same gjeld svartskjor, som.skal ha vore brukt på Hitra.

Somtid har ein meint at låta til svartspetten varslar død og ulykke, han blir da ein såkalla feigdafugl. Det er kanskje dette som ligg bak nemninga utidsfuglen (Agder).

Hølkråke eller hølakråke er lokalnamnet i Solør og fleire Østerdalsbygder. Hølkråkepiping er kaldvêrsmerke, på linje med traneskrik og ”berjulvlåter” (frå hubro), heiter det på Tynset.

Foto: Annbjørg Grevskott.

Her kan du lesa originalteksten til eventyret om gjertrudsfuglen: http://no.wikisource.org/wiki/Folkeeventyr_%281852%29/2

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: