Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “desember, 2014”

Bisol eller versol

BisolArvidsson

10. desember skreiv vi om ring rundt sola, og ord for det: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/12/10/solgard-eit-halofenomen/. Vi såg da at fleire av nemningane for solringen også kunne bli brukt om det vi ser på dette bildet, nemleg lysande flekker på himmelen i viss avstand frå sola i disig luft. Takk til vår svenske venn Lars Arvidsson for lov til å dele bildet!
Bisol er faguttrykket for dette fenomenet. Det syner seg gjerne saman med vergarden rundt sola, og er i grunnen ikkje anna enn sterkt lysande delar av vergarden. Bisolene ligg enten på ei lopddrett eller vassrett line gjennom sola.

Solgisl kan stå som samlenemning for mange ordvariantar som blir brukt om bisol. Belegga synest særleg tette i Trøndelag og Nordland, men det finst også andre stader. Av ulike fomer kan nemnast -jylt, -jihl’n, -jilter, -jeksel og til og med -veksel. Solgil (særleg på Vestlandet), solgidd(er), solgise (Nordland, Troms) o fl inneheld truleg omformingar av den same ordstammen. Den er nok i slekt med geisle ‘stråle’.
Andre samansetningar med sol- er t.d. solkavle (Ringebu), solhøve (Sunnhordland), solmøy (Austfold, Akershus) og solunge (Haram). Solhovud er ganske vidt utbreidd.
Det har visstnok i mange land eksistert forestillingar om at bisolene er småsoler som «et opp sola». Dette ligg vel til grunn for nemninga solulv (Spydeberg, Sør-Aurdal, Ål, Sigdal, Vest-Telemark; i Valle soluv). Solulv finst også i jysk, og i svenske målføre, her i lag med solvarg. Hit kan vi nok også rekne solhund, som finst i enkelte spreidde belegg på Vestlandet frå Jæren til Romsdal.
Bisoler har vore nytta som vermerke. Ein har t.d. trudd at bisol framfor sola varsla godver. Frå Sande på Sunnmøre kjem dette varselet: «Gil fyre sol i aust: Drag båten ut or naust. Gil fyre sol i vest: far heim so fort som ein hest».
Funksjonen som vervarslar har ført til namn som versol (Namdalen, Helgeland, Saltdal) og verhovud. Det siste har vi sett også kan bli brukt både om vergard (ring rundt sola) og stubb av regnboge. Verleik er registrert om bisol frå Hedmarka og Sør-Gudbrandsdalen, veråkle frå Vågå, verlys frå Senja og verur frå Rørostraktene, for å nemne nokre. Verur inneheld eit hankjønnsord ur, som betyr nettopp bisol (Numedal, Tinn ofl). «De bli stygvær, før de sto slik ur førri sol’n i dag» er eit vermerke Anders Reitan gav opplysning om til Ivar Aasen. Aasen sjølv skreiv i Norske ordsprog: «D’er ut fyre uveder, og gard fyre godveder» (gard = solgard).

Reklame

Røyskatten

RøyskattKristian

«Du rikka kje rompa på røysekatten du», heiter det i eit slåttestev. Her kikar han i alle fall fram, nysgjerrig som han er. Kristian Voldheim knipsa i rette augeblinken.
Velkjent liten skapning dette mårdyret, som så ofte har måtta ofre vinterpelsen sin til hermelin. Blant anna til kant på kappene åt overhusmedlemmene i Storbritannia.
Som ein kan vente, er røyskatt også brukt overført om ein særs nysgjerrig person.

Namnet røyskatt viser til opphaldsstaden i røyser og urer. Det fanst alt i norrønt (hreysikattr), og kan bli uttalt litt forskjellig, bl a «røsskatt», «resskatt», i Selbu også «rysskatte».
Ur(d)katt (Gloppen, Nordland, Trondenes, Senja) syner same tanken. Også dette namnet fanst i norrønt.
Som sagt er han eit mårdyr, og røysmår er namnet på han i Øyer og Gausdal, og dessutan registrert frå Sparbu.
Det svenske ordet lekatt har vi i somme grensebygder mot Sverige (Østfold, Lierne). Førsteleddet er truleg le ‘livd, ly’.
I Eidskog finst namnet vesle (hokjønn), som heng saman med vesel. I norrønt kunne hreysivisla omfatte både røyskatt og snømus.
Til vinterfargen har vi fått kvitkatt, som Ivar Aasen skreiv opp frå Østerdalen og Valdres, og som elles er oppgitt frå Vinje i Telemark pluss Romeedal på Hedmarka. Kvitkall har vore sagt i Trysil.
Heilt lokalt for Beiarn er marikatt(e).
Røyskatten er ein hamstrar som kan finne på å stela frå f.eks. matkjellarar. I Åfjord har han derfor vore kalla for dragdokke.
Alle mårdyr har stinkkjertlar i endetarmen, der dei skil ut ei illeluktande væske. Stinkmår var tidlegare brukt som namn på røyskattslekta. Dette finn vi spor etter i folkespråket også. Å få røyskattlukt på seg er å få ein skamflekk, i overført forstand (Stadsbygda, Leksvik). «Det dåma ræsskatt» sa dei i Rennebu for å håne dei som ikkje brukte tobakk. Neppe særleg gangbart i dag! Og planten stankstorkenebb, kjent for den sterke, vonde lukta, får i Suldal heite både røyskattblom og urdkatt.

Til slutt ei lita pikant sak for dei som har hengt med så langt: I Furnes er røyskatt skjemtenamn på penis, og tilsvarande har dei røyskattmor om det kvinnelege kjønnsorganet.

Solgard – eit halofenomen

Ring rundt sola2Best

Lysande ring rundt sola – på fagspråk kalla halo. Eit ord som visstnok kjem frå gresk halos ’rund treskeplass’. Ein slik halo kan det også vera rundt månen, og fenomenet oppstår når lyset frå sola eller månen blir brote og avspegla i små iskrystallar i skyene. Dette må da vera slørskyer, cirrostratus. Dei går svært høgt og er så tynne at sola og månen skin gjennom dei. Himmelen er mørkare inni ringen enn utafor, slik det går fram av bildet.
Av og til kan ringen ha fargar som ein regnboge, men her kjem dei i motsett rekkefølgje – fiolett ytst og raud inst.
Det blir gjerne sagt beint fram at det er ring eller gard rundt sola og månen. Solgard og solring er også kurante namn, og månegard tilsvarande. Dette har parallellar i svensk og dansk solgård, og i tysk Sonnenhof. I Østerdalen er namnet solhaga notert.

Men solgarden har med vêret å gjera, og har fått gjera tjeneste som vêrmerke. Derfor er han mange stader kalla vêrgard eller vêrgarde, eit ord som også brukt om månegard. Vêrgarden varslar nedbør: ”I dag du om sola ser ein stor ring; i morgon av sola ser du ingenting”. Nedbøren kan komma i form av snø: Snøgard kan derfor brukast både om ringen rundt sola og månen, og likeeins snøring. Førebod om rått vêr ligg i namna rågard (Sunnmøre), råvêrsgard (Sunnmøre, Selje i Nordfjord) og råvêrsring (Selje). Vêrboge tyder vanlegvis regnboge, men i Bremanger har det også vore brukt om ring rundt sola. Vêrvarsel ligg til grunn for nemninga kor som er.

Stundom kan ein sjå berre ein del av ringen. Dette kjem av at skyene som gir vêrgard, ikkje dekker vidt nok område rundt sola eller månen. Varselet blir da gjerne at vêret skal komma frå den leia der ringen er open. I Hardanger var det veldig spesifikt: Var det gard for sola før dugurd, ville det bli ”nedbersle” (nedbør). Såg ein garden seinare på dagen, skulle det bli storm. Men om sola bar ringen heile dagen, ville ein få både storm og nedbersle.

Dei folkelege varsla om dette stemmer faktisk, og har stått seg for fagfolks kritikk. Slørskyene som lagar vêrgarden, kjem nemleg føre dei vandrande nedbørområda.

Eit anna optisk fenomen som gjerne opptrer i lag med solring/vêrgard, er lysande flekker i visse avstandar frå sola. Desse er kalla bisoler. Innimellom ser vi at same namnet kan bli brukt på desse som på vêrgarden, såleis ymse variantar av solgisl, t.d. solgylt (Stjørdalen) og ”solgjødsel” (Vågå). Solhuv er mest kjent som nemning for bisol, men Aasen fann det brukt om solgard på Hadeland.

Å kneppe brennevin

Skeivknept2

Spalteredaktøren har visst kledd på seg sjøl denne gongen. Å kneppe i feil hol på denne måten er det mange ord og talemåtar for. Ein liten følar vart lagt ut om dette på faceboook-gruppa «Språkspalta» nyleg, og vi har også fått tilgang til eit materiale som Heidi Brøseth samla inn i samband med eit radioprogram i 2008-09.
Den nemninga eg lærte på indre Nordmøre for slik skeivknepping, var å kneppe Stomperud. Dette er også kjent på Frøya. Den evige soldaten nr 91 må vel vera opphavet, og sikkert inspirert av striper der han har hatt det frykteleg travelt, slik det skjer av og til.
Somme av uttrykka går tilbake på personar som har levd. Det mest utbreidde er kanskje å kneppe Tus-Jo, som finst i Gudbrandsdalen, Østerdalen og somme andre plassar på det indre Austlandet. Også i variantar som «tufs-Jo», «fuss-Jo» med fleire. Tus-Jo skal ha vore ein original i Nord-Gudbrandsdalen på 1700-talet, nemnt i bygdehistoriene til Ivar Kleiven. Å kneppe halt-Roland (Lierne) går nok også tilbake på ein verkeleg person.
Somme uttrykk knyter denne forma for knepping til bestemte yrke: Sjømannsknepping, å kneppe hesthandlar. Eller stand og stilling, posisjon i livet, som dei trønderske «no har du knept husmann», «kneppe gammelkaill», og «drengkaillknæpt» (drengkall = ungkar).
Å kneppe brennevin, eller kneppe til brennevin finst mange plassar, også i svensk. I siste tilfelle kunne ein kanskje tolke det som ein vri på «knäppa bredvid». Men det er også sagt at slik knepping gjorde det lettare å få brennevinsflaska på innerlomma. Variantar: «kneppe til ein dram» (Hemsedal), «kneppe dram» (Hurdal), eller «kneppe til fyll» (Larvik).
Så har vi ei gruppe som har med gjestebod å gjera. «Inviterer du til gjestebud?» var spørsmålet i Telemark til den som hadde feilknept. I Agdenes «no bli du bortbedt». «Knäppa till bröllops» var sagt i Västerbotten i Nord-Sverige; ein sikta da visstnok til nervøs brudgom som kunne få trøbbel med påkledninga. I svensk også «knäppa till kalas»
Frå Frøya har vi «å knæpp lepp-si». Dette ordet er elles bruka særleg om klesplagg som er ujamne i kanten.
Nokre andre høvelege kommentarar til den som hadde komme i skade for å kneppe skeivt: «du knepper skjetord på deg» (Bremanger), «har du fore saman med presten?» (Sunnmøre), «hi huset seggi?» (Steinkjer-kanten).
Litt overtru og varsel hører også med: Skeivknepping kan tolkast som teikn på at ein er forelska, men det kan også heite «å knepp bort kjæresten» (Bindal). Andre meiner det tyder på ein uheldig dag, eller at ein kjem til å få skjenn i løpet av dagen.

Innleggsnavigering