Moro med ord og uttrykk!

Solgard – eit halofenomen

Ring rundt sola2Best

Lysande ring rundt sola – på fagspråk kalla halo. Eit ord som visstnok kjem frå gresk halos ’rund treskeplass’. Ein slik halo kan det også vera rundt månen, og fenomenet oppstår når lyset frå sola eller månen blir brote og avspegla i små iskrystallar i skyene. Dette må da vera slørskyer, cirrostratus. Dei går svært høgt og er så tynne at sola og månen skin gjennom dei. Himmelen er mørkare inni ringen enn utafor, slik det går fram av bildet.
Av og til kan ringen ha fargar som ein regnboge, men her kjem dei i motsett rekkefølgje – fiolett ytst og raud inst.
Det blir gjerne sagt beint fram at det er ring eller gard rundt sola og månen. Solgard og solring er også kurante namn, og månegard tilsvarande. Dette har parallellar i svensk og dansk solgård, og i tysk Sonnenhof. I Østerdalen er namnet solhaga notert.

Men solgarden har med vêret å gjera, og har fått gjera tjeneste som vêrmerke. Derfor er han mange stader kalla vêrgard eller vêrgarde, eit ord som også brukt om månegard. Vêrgarden varslar nedbør: ”I dag du om sola ser ein stor ring; i morgon av sola ser du ingenting”. Nedbøren kan komma i form av snø: Snøgard kan derfor brukast både om ringen rundt sola og månen, og likeeins snøring. Førebod om rått vêr ligg i namna rågard (Sunnmøre), råvêrsgard (Sunnmøre, Selje i Nordfjord) og råvêrsring (Selje). Vêrboge tyder vanlegvis regnboge, men i Bremanger har det også vore brukt om ring rundt sola. Vêrvarsel ligg til grunn for nemninga kor som er.

Stundom kan ein sjå berre ein del av ringen. Dette kjem av at skyene som gir vêrgard, ikkje dekker vidt nok område rundt sola eller månen. Varselet blir da gjerne at vêret skal komma frå den leia der ringen er open. I Hardanger var det veldig spesifikt: Var det gard for sola før dugurd, ville det bli ”nedbersle” (nedbør). Såg ein garden seinare på dagen, skulle det bli storm. Men om sola bar ringen heile dagen, ville ein få både storm og nedbersle.

Dei folkelege varsla om dette stemmer faktisk, og har stått seg for fagfolks kritikk. Slørskyene som lagar vêrgarden, kjem nemleg føre dei vandrande nedbørområda.

Eit anna optisk fenomen som gjerne opptrer i lag med solring/vêrgard, er lysande flekker i visse avstandar frå sola. Desse er kalla bisoler. Innimellom ser vi at same namnet kan bli brukt på desse som på vêrgarden, såleis ymse variantar av solgisl, t.d. solgylt (Stjørdalen) og ”solgjødsel” (Vågå). Solhuv er mest kjent som nemning for bisol, men Aasen fann det brukt om solgard på Hadeland.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: