Moro med ord og uttrykk!

Røyskatten

RøyskattKristian

«Du rikka kje rompa på røysekatten du», heiter det i eit slåttestev. Her kikar han i alle fall fram, nysgjerrig som han er. Kristian Voldheim knipsa i rette augeblinken.
Velkjent liten skapning dette mårdyret, som så ofte har måtta ofre vinterpelsen sin til hermelin. Blant anna til kant på kappene åt overhusmedlemmene i Storbritannia.
Som ein kan vente, er røyskatt også brukt overført om ein særs nysgjerrig person.

Namnet røyskatt viser til opphaldsstaden i røyser og urer. Det fanst alt i norrønt (hreysikattr), og kan bli uttalt litt forskjellig, bl a «røsskatt», «resskatt», i Selbu også «rysskatte».
Ur(d)katt (Gloppen, Nordland, Trondenes, Senja) syner same tanken. Også dette namnet fanst i norrønt.
Som sagt er han eit mårdyr, og røysmår er namnet på han i Øyer og Gausdal, og dessutan registrert frå Sparbu.
Det svenske ordet lekatt har vi i somme grensebygder mot Sverige (Østfold, Lierne). Førsteleddet er truleg le ‘livd, ly’.
I Eidskog finst namnet vesle (hokjønn), som heng saman med vesel. I norrønt kunne hreysivisla omfatte både røyskatt og snømus.
Til vinterfargen har vi fått kvitkatt, som Ivar Aasen skreiv opp frå Østerdalen og Valdres, og som elles er oppgitt frå Vinje i Telemark pluss Romeedal på Hedmarka. Kvitkall har vore sagt i Trysil.
Heilt lokalt for Beiarn er marikatt(e).
Røyskatten er ein hamstrar som kan finne på å stela frå f.eks. matkjellarar. I Åfjord har han derfor vore kalla for dragdokke.
Alle mårdyr har stinkkjertlar i endetarmen, der dei skil ut ei illeluktande væske. Stinkmår var tidlegare brukt som namn på røyskattslekta. Dette finn vi spor etter i folkespråket også. Å få røyskattlukt på seg er å få ein skamflekk, i overført forstand (Stadsbygda, Leksvik). «Det dåma ræsskatt» sa dei i Rennebu for å håne dei som ikkje brukte tobakk. Neppe særleg gangbart i dag! Og planten stankstorkenebb, kjent for den sterke, vonde lukta, får i Suldal heite både røyskattblom og urdkatt.

Til slutt ei lita pikant sak for dei som har hengt med så langt: I Furnes er røyskatt skjemtenamn på penis, og tilsvarande har dei røyskattmor om det kvinnelege kjønnsorganet.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Røyskatten

  1. Per K. Bjørklund on said:

    Ei resskatt er nemninga frå mi heimbygd i Hamarøy, og vidare omkring i Nord-Salten. Dette namnet vil eg heller tru er knytt til «ressen» (risen/trollet), altså ressen si katt.

  2. tojk on said:

    Takk for kommentar! Det kan vel ha skjedd ei folkeetymologisk kopling til «ressen» (risen), men eg trur nok helst at både «resskatt», «røsskatt» og «ræsskatt» er omformingar av røyskatt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: