Moro med ord og uttrykk!

Bisol eller versol

BisolArvidsson

10. desember skreiv vi om ring rundt sola, og ord for det: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2014/12/10/solgard-eit-halofenomen/. Vi såg da at fleire av nemningane for solringen også kunne bli brukt om det vi ser på dette bildet, nemleg lysande flekker på himmelen i viss avstand frå sola i disig luft. Takk til vår svenske venn Lars Arvidsson for lov til å dele bildet!
Bisol er faguttrykket for dette fenomenet. Det syner seg gjerne saman med vergarden rundt sola, og er i grunnen ikkje anna enn sterkt lysande delar av vergarden. Bisolene ligg enten på ei lopddrett eller vassrett line gjennom sola.

Solgisl kan stå som samlenemning for mange ordvariantar som blir brukt om bisol. Belegga synest særleg tette i Trøndelag og Nordland, men det finst også andre stader. Av ulike fomer kan nemnast -jylt, -jihl’n, -jilter, -jeksel og til og med -veksel. Solgil (særleg på Vestlandet), solgidd(er), solgise (Nordland, Troms) o fl inneheld truleg omformingar av den same ordstammen. Den er nok i slekt med geisle ‘stråle’.
Andre samansetningar med sol- er t.d. solkavle (Ringebu), solhøve (Sunnhordland), solmøy (Austfold, Akershus) og solunge (Haram). Solhovud er ganske vidt utbreidd.
Det har visstnok i mange land eksistert forestillingar om at bisolene er småsoler som «et opp sola». Dette ligg vel til grunn for nemninga solulv (Spydeberg, Sør-Aurdal, Ål, Sigdal, Vest-Telemark; i Valle soluv). Solulv finst også i jysk, og i svenske målføre, her i lag med solvarg. Hit kan vi nok også rekne solhund, som finst i enkelte spreidde belegg på Vestlandet frå Jæren til Romsdal.
Bisoler har vore nytta som vermerke. Ein har t.d. trudd at bisol framfor sola varsla godver. Frå Sande på Sunnmøre kjem dette varselet: «Gil fyre sol i aust: Drag båten ut or naust. Gil fyre sol i vest: far heim so fort som ein hest».
Funksjonen som vervarslar har ført til namn som versol (Namdalen, Helgeland, Saltdal) og verhovud. Det siste har vi sett også kan bli brukt både om vergard (ring rundt sola) og stubb av regnboge. Verleik er registrert om bisol frå Hedmarka og Sør-Gudbrandsdalen, veråkle frå Vågå, verlys frå Senja og verur frå Rørostraktene, for å nemne nokre. Verur inneheld eit hankjønnsord ur, som betyr nettopp bisol (Numedal, Tinn ofl). «De bli stygvær, før de sto slik ur førri sol’n i dag» er eit vermerke Anders Reitan gav opplysning om til Ivar Aasen. Aasen sjølv skreiv i Norske ordsprog: «D’er ut fyre uveder, og gard fyre godveder» (gard = solgard).

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: