Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “januar, 2015”

Gadd, hålåsgadd, tørrhala

Gadd

I det aller første hovudinnlegget her i dialektnettkråa skreiv vi om snarragadden (https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/11/12/snarragadd/). Vi vender tilbake for å seie litt meir om ord for slike uttørka furuer på rot, utan bork og det meste av greiner. Dei har feit ved og kan stå lenge utan å rotne. Når cellene i furuveden døyr, blir dei fylt av tjørestoff som verkar impregnerande.

Gadd som nemning for ei tørrfuru er utbreidd over store delar av Vestlandet, pluss Trøndelag og Nordland, Østerdalen og Gudbrandsdalen, kjent også på Ringerike. Typiske samansetningar er furugadd og tørrgadd. Gadd kan vera same ordet som norrønt gaddr ‘spiss, brodd’ og ha samanheng med gand ‘kjepp, kvist’. Gand som trolldom vart sendt ut med ein kvist, ei flis, pil o l. I svenske målføre kan gand bety nettopp tørrfuru.

På Austlandet er det gjerne snakk tørrhala (spesielt utbreidd i Hedmark fylke), dels også usamansett hala. Begge kan brukast både om treet og om malmved eller feitved. Forma hålå finst i Nord-Østerdalen og frå gammalt i Gauldalen og Selbu. I Gauldalen og Tydalen registrerte Hans Ross i si tid også vartianten hålår/hälär. Hålåsgadd (hales-gadd) heiter tørrgadden i Nord-Østerdalen, Selbu, Tydalen og Verdal. Hala/hålå kan ha ein mogleg slektning i det lågtyske ordet hall ‘tørr, mager’.

Nordfjord har sjantefure (Eid) og navefure (Selje). Det siste er ei furu som er nava, dvs at ein har fjerna borken så ho skal tørke på rot.

Nokre fleire gadd-ord: I mykje av same området som gadd har ein spik om feitveden i furu (som mange stader austafjells kallast tyri). Dermed blir spikgadd også ei naturleg samansetning. Jens Haukdal fortel om ein vedalaus kar frå Støren som fekk hjelp av tussane med gaddved til jul, såkalla julgadd («I skreddartimen», s. 37). Blågadd er ei uttørka furu som held på å bli blå (Sunndal, Folldal, Nord-Gudbrandsdalen). Har furustammen vorte innhol, kan han, i alle fall på Nordmøre, kallast ein holgadd, holagadd eller holingadd. Og for riktig å illustrere kor spesialisert den folkelege nemningsbruken kan vera, kan vi ta med at ei gaddskolme er ei uthola gaddfuru med opning i sida (Åsskard på Ndm).

Somme plassar har dei ord for eit slags mellomstadium, der opptørkinga er komme langt, men der greiner og kvist enno sitt på: I Singsås heiter slike for ei veste eller viste, i Hemne ei gjedd’ (avleidd til gadd). Også samansett tørrgjedd’.

Sjølsagt har målføra våre også verb som fortel om denne inntørkinga, t.d. «å spikasetja seg» (Jondalen i Hardanger) . Å gadde eller gaddast er andre eksempel på det. Dei kan også overførast på folk: – Ho har begynt å gadde seg, ho gamla mi òg no, var det ein som sa om kjerringa si. «Ikkje rart at ein tek til å gaddast i tankegangen
og blir litt einfoldig på mange måtar», skreiv Hans Hyldbakk i avisa Driva 5.3.1983.

Advertisements

Sorr og sildgrynsnerk

Sårrås

Is og tilfrysing har vi skrive om fleire gonger på denne nettstaden, t.d. i hovudinnlegget den 2. desember 2012: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/12/02/.
For det første tynne laget av is eller isklumpar på ei vassflate, eller om issørpe, har vi i eitt område av landet ordet sorr. Vi kan avgrense det til Østerdalen, Nordmøre og Trøndelag. Somme plassar er det uttalt sarr, og sørr/særr finst også. I mitt farsmål frå Sunndalen er det sår med lang å. Andre plassar har dei ordet krav om slik is som held på å legge seg, eller som enno ikkje heng heilt saman. I Sogn og Fjordane og på Sunnmøre kallast det krape, eit ord som også finst att i Vesterålen. I Nordfjord finst flogge eller isflogge. Og det er sikkert mange andre.

Sorr er etymologisk i slekt med saur ‘lort, skit’. Til dette har vi verbet å sorra eller sårrå, om å laga seg eit slikt tynt islag. «Det bli hølk utpå trappen og det sårrå borti bækka» (Klæbu Historielag, årsskrift 1997, s. 15). Det kan også forekomma i refleksiv form sorras(t), sårrås o l. På Hitra heiter det at det er sorrfrøyst når «speiken» enno ikkje er bunde skikkeleg saman.

I ei trønderbygd hadde ein gartnar demontert drivhuset sitt og lagt glasplatene utover bakken. Seint ei laurdagsnatt kom ein noko påsegla kar på veg heim frå fest og vart gåande og trø oppi dette. «Jaggu hi det sårrås på ja!» konstaterte han.

Årboka for Levanger Historielag for 2013 har ein artikkel på reinhekla dialekt om livet på Hammerøya i Åsen. Her måtte dei over isen for å komma innpå fastlandet. Det var av og til i dristigaste laget: Ein kar gjekk over på «mårråspeiken» ein dag, men på tilbakweturen måtte han ro! Og ein annan påstod at når katta gjekk isen, så kunne han gjera det sjøl også. Neppe heilt trygt ..

I mi heimbygd Sunndalen var det eit uttrykk sildgrynsnerk om eit særs tynt lag med sorr, eller om noko tynt og skjørt i det heile. Eigentleg er dette snerken på sildgryn, eit slags betasuppe med byggryn, og sild i staden for kjøt.

Stalldøra er open

Stalldøra

Ja, dette var ikkje bra! Hendeleg uhell, likesæle eller kva det no er, slik kan ein ikkje gå. Kor som er, det er mange namn på denne viktige delen av klesbunaden vår, og stalldøra er eitt av dei meir spøkefulle. Ein blir oppfordra til å ha igjen stalldøra så hesten ikkje kjem ut. Litt eldre mannfolk kan kvittere med at det neppe har særleg å seie til eller frå, eller at «daud fugl flyg ikkje tå reiret». Men det kan ein jo aldri vita!
Krambua er eitt anna av mange slike skjemtenamn. Det hender den blir ståande open også.
Stilistisk meir nøytrale er ord som gylf og smekk (buksesmekk). Desse kan begge vera overført frå eit stadium da det var vanleg med ein klaff i buksene på denne staden. Gylf er eit lågtysk lånord. Kjølpen om buksesmekken (Tromsø) ser også ut til å ha betydd ‘klaff’ opphavleg.

Mange av namna syner sjølvsagt til det som er innafor, eller det som innretninga blir bruka til: Pissehol eller pissarhol er mykje utbreidd, piss-sprotte ikkje heilt sjeldan heller. Pikksprotte er også registrert. I Trøndelag finst pillhol, I Søndre Land pikkhøl, og i Sørli piss-spring. Manntisshol ser ut til å ha vore eit slangord i Namsos, kanskje også fleire plassar.

Mange av orda er reint beskrivande: Sprotte («ha igjen sprotta di!»), buksesprotte, sprokkhol (Lærdal), buksekil(e) (Trøndelag, Nordland), brok-kil(e) (Nordmøre, somme plassar i Sør-Trøndelag).

Mauk (Namdalen, Nordland) kjem kanskje av at det kan ha ein tendens til å vera fuktig på denne staden?

Det kan koste å gå med stalldøra oppe. I Sunndal kunne ein risikere å bli avkrevd «ti øre i brokkilskatt» dersom ein vart «ferska» i ein slik tilstand. Reidar Djupedal har notert same kravet frå fleire stader. I Skien begynte dei å telje 10, 20, 30 osb til vedkommande hadde retta opp fadesen.

Elles går det an å ta eit gjenhør med denne: http://tv.nrk.no/serie/og-takk-for-det/FUHA01008969/sesong-1/episode-4

Post Navigation