Moro med ord og uttrykk!

Sorr og sildgrynsnerk

Sårrås

Is og tilfrysing har vi skrive om fleire gonger på denne nettstaden, t.d. i hovudinnlegget den 2. desember 2012: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/12/02/.
For det første tynne laget av is eller isklumpar på ei vassflate, eller om issørpe, har vi i eitt område av landet ordet sorr. Vi kan avgrense det til Østerdalen, Nordmøre og Trøndelag. Somme plassar er det uttalt sarr, og sørr/særr finst også. I mitt farsmål frå Sunndalen er det sår med lang å. Andre plassar har dei ordet krav om slik is som held på å legge seg, eller som enno ikkje heng heilt saman. I Sogn og Fjordane og på Sunnmøre kallast det krape, eit ord som også finst att i Vesterålen. I Nordfjord finst flogge eller isflogge. Og det er sikkert mange andre.

Sorr er etymologisk i slekt med saur ‘lort, skit’. Til dette har vi verbet å sorra eller sårrå, om å laga seg eit slikt tynt islag. «Det bli hølk utpå trappen og det sårrå borti bækka» (Klæbu Historielag, årsskrift 1997, s. 15). Det kan også forekomma i refleksiv form sorras(t), sårrås o l. På Hitra heiter det at det er sorrfrøyst når «speiken» enno ikkje er bunde skikkeleg saman.

I ei trønderbygd hadde ein gartnar demontert drivhuset sitt og lagt glasplatene utover bakken. Seint ei laurdagsnatt kom ein noko påsegla kar på veg heim frå fest og vart gåande og trø oppi dette. «Jaggu hi det sårrås på ja!» konstaterte han.

Årboka for Levanger Historielag for 2013 har ein artikkel på reinhekla dialekt om livet på Hammerøya i Åsen. Her måtte dei over isen for å komma innpå fastlandet. Det var av og til i dristigaste laget: Ein kar gjekk over på «mårråspeiken» ein dag, men på tilbakweturen måtte han ro! Og ein annan påstod at når katta gjekk isen, så kunne han gjera det sjøl også. Neppe heilt trygt ..

I mi heimbygd Sunndalen var det eit uttrykk sildgrynsnerk om eit særs tynt lag med sorr, eller om noko tynt og skjørt i det heile. Eigentleg er dette snerken på sildgryn, eit slags betasuppe med byggryn, og sild i staden for kjøt.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: