Moro med ord og uttrykk!

Gadd, hålåsgadd, tørrhala

Gadd

I det aller første hovudinnlegget her i dialektnettkråa skreiv vi om snarragadden (https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/11/12/snarragadd/). Vi vender tilbake for å seie litt meir om ord for slike uttørka furuer på rot, utan bork og det meste av greiner. Dei har feit ved og kan stå lenge utan å rotne. Når cellene i furuveden døyr, blir dei fylt av tjørestoff som verkar impregnerande.

Gadd som nemning for ei tørrfuru er utbreidd over store delar av Vestlandet, pluss Trøndelag og Nordland, Østerdalen og Gudbrandsdalen, kjent også på Ringerike. Typiske samansetningar er furugadd og tørrgadd. Gadd kan vera same ordet som norrønt gaddr ‘spiss, brodd’ og ha samanheng med gand ‘kjepp, kvist’. Gand som trolldom vart sendt ut med ein kvist, ei flis, pil o l. I svenske målføre kan gand bety nettopp tørrfuru.

På Austlandet er det gjerne snakk tørrhala (spesielt utbreidd i Hedmark fylke), dels også usamansett hala. Begge kan brukast både om treet og om malmved eller feitved. Forma hålå finst i Nord-Østerdalen og frå gammalt i Gauldalen og Selbu. I Gauldalen og Tydalen registrerte Hans Ross i si tid også vartianten hålår/hälär. Hålåsgadd (hales-gadd) heiter tørrgadden i Nord-Østerdalen, Selbu, Tydalen og Verdal. Hala/hålå kan ha ein mogleg slektning i det lågtyske ordet hall ‘tørr, mager’.

Nordfjord har sjantefure (Eid) og navefure (Selje). Det siste er ei furu som er nava, dvs at ein har fjerna borken så ho skal tørke på rot.

Nokre fleire gadd-ord: I mykje av same området som gadd har ein spik om feitveden i furu (som mange stader austafjells kallast tyri). Dermed blir spikgadd også ei naturleg samansetning. Jens Haukdal fortel om ein vedalaus kar frå Støren som fekk hjelp av tussane med gaddved til jul, såkalla julgadd («I skreddartimen», s. 37). Blågadd er ei uttørka furu som held på å bli blå (Sunndal, Folldal, Nord-Gudbrandsdalen). Har furustammen vorte innhol, kan han, i alle fall på Nordmøre, kallast ein holgadd, holagadd eller holingadd. Og for riktig å illustrere kor spesialisert den folkelege nemningsbruken kan vera, kan vi ta med at ei gaddskolme er ei uthola gaddfuru med opning i sida (Åsskard på Ndm).

Somme plassar har dei ord for eit slags mellomstadium, der opptørkinga er komme langt, men der greiner og kvist enno sitt på: I Singsås heiter slike for ei veste eller viste, i Hemne ei gjedd’ (avleidd til gadd). Også samansett tørrgjedd’.

Sjølsagt har målføra våre også verb som fortel om denne inntørkinga, t.d. «å spikasetja seg» (Jondalen i Hardanger) . Å gadde eller gaddast er andre eksempel på det. Dei kan også overførast på folk: – Ho har begynt å gadde seg, ho gamla mi òg no, var det ein som sa om kjerringa si. «Ikkje rart at ein tek til å gaddast i tankegangen
og blir litt einfoldig på mange måtar», skreiv Hans Hyldbakk i avisa Driva 5.3.1983.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: