Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “februar, 2015”

Oppvaskkluten

Oppvasklut3

Da var turen kommen til oppvaskkluten. Fleire av orda her er alt nemnt i kommentarar til andre klutar og filler vi har tatt for oss.
Omtrent slik såg bildet ut i 2003, da denne kluten fekk eit eige avsnitt i boka «Norge rundt med ord»: Over store delar av Austlandsområdet bruke fat(a)fille eller fataklut særskilt om oppvaskkluten. I Uvdal i øvre Numedal er uttalen fåtåfille. Det er også eit enkelt belegg på fatafill’ frå Roan i Sør-Trøndelag.
Elles er orda for dette samansett med presiserande førsteledd som kopp-, kjerald- og oppvask-, og med dei etterledda som er kurante i tyding ’vaskefille’ i kvart område.
Såleis får vi kopptvoge mange stader der ein også bruker tvoge (vesta- og nordafjells). Uttalen vil variere på same måten som for usamansett tvoge. Somme stader blir det –e- i samansetjingsleddet, som koppetvoge frå Bud i Romsdal og koppetvoga frå Åseral.
I same området vil ein også mange stader ha samansetjinga kjerald- eller kjøreldtvoge. Her blir det enda større uttalevariasjon, sidan også førsteleddet blir uttalt på mange forskjellige måtar: kjørøldetvoga (Voss); kjøreltvøge (Gloppen); kjørrølltvuå (Stangvik); kjørreltu’ (fleire stader i Trøndelag); kjørrålltuggu (Verdal); kjøllt(v)ogæ e l (fleire stader på Helgeland); kjølltvo (Skjerstad i Salten) er nokre eksempel. Elles vil vi finne oppvasktvoge (oppvasktvøge Borgund; oppvasktuå Valsøyfjord på Nordmøre; oppvasktuggu Frosta og Røyrvik i Nord-Trøndelag). På Byneset ved Trondheim har dei brukt ordet vaskartvoge (vaskartu’) særskilt om kopptu’.
Lerve/lurve dekkjer eit stort område i tydinga ’vaskefille’. For ’oppvaskklut’ vil vi i same området finne kopplerve, meir sjeldan kjeraldlerve (Sunndal kjørull-lårv’), koppvasklerve (Orkdal) og oppvaskarlerve (oppvaskarlørva Hillesøy i Troms).
Lokalt for Hallingdal er slifse (Nes); også vaskeslifse (Hol). I akkurat denne tydinga gjeld det visst også tyfse (Hemsedal). Berre i Ytre Rendal er registrert slaggfille (slägg-), og i Meland i ytre Hordaland finst kjeralddekse (kjørladeksa).
I Røyrvik har ein slarve (slærv’) om vaskefille, og i denne samanhengen blir det koppslarve (koppslærv’).
I Selbu finst kopptussu.
Som gammalt og sjeldant mål frå Frøya er oppgjeve svinte, f, om kopptvoge («fli mæ svinta»).
Tørkafille er brukt særskilt om oppvaskfilla i Gausdal.
Andre ord som er brukte, men utan bestemt geografisk avgrensing, er koppfille, koppklut, oppvaskfille og oppvaskklut.

Advertisements

Støvkluten

Støvklut

Det finst ein del særskilte ord for klut eller fille som ein nyttar til å tørke bord, benker, hyller o l med, og som altså ikkje blir brukt til golvvask eller oppvask. Skulle ein tenkje seg noko allmennorsk standardord for dette, måtte det kanskje bli støvklut.
Orda er også her gjerne samansette med dei vanlege nemningane for vaskefille som sisteledd, og så presiserer førsteleddet kva slags fille det er.
Frå Rollag i Numedal er det opplyst at ein særleg nyttar fatafille (utt. fåtåfille) om denne sorten vaskefille.
Mange stader vil ein nok kunne nytte ord som tørkefille eller tørkarfille om dette. I Oppdal seier dei tørkarklut. Ein del samansetjingar med avtørkar- og avvaskar- ser ut til å vera konsentrert om trøndersk språkområde, men går også inn i Nord-Gudbrandsdalen: tåtørkarfille Lesja; tåtørkarlörv’ Øksendal på Nordmøre; tåtørkartvøggu også Øksendal; tåtørkartu(ggu) Leksvik; tåtørkartuggu (ein informant opplyser å ha hørt det i Selbu; ikkje alle selbygger kjennest ved det); tåtørkartu (Rissa); tåvaskarfill’ Øksendal, tåvaskartuå Tingvoll; tåvaskartvøggu Øksendal; tåvaskartu’ Byneset og Rissa i Sør-Trøndelag.
Frå Øksendal har vi også tørrlerve om fille brukt til støvtørking.
Vi har eit par samansetjingar med kringom: kringomklut (Fyresdal i Telemark) og kringomvaskefille (Søndre Land og Torpa i Oppland). Jf. også omkrengvaskartvogæ frå Hemnes (dette ordet er visst brukt fleire stader i Nordland).
Andre adverb i førsteleddet i slike ord syner gjerne til at ein nyttar filla over golvet:, som ova(n)tilfille: ovatefille (Tynset); åvåtellfille Ytre Rendal); altså eit østerdalsord å sjå til.
Andre slike er ova(n)medlerve (åggomelærv’ Hemne i Sør-Trøndelag; åvvåmelærv’ Meldal, Hegra og Meråker), øvermedlerve (somme stader i søraustre Sør-Trøndelag: Horg, Soknedal, Singsås, Haltdalen, Selbu, Tydal, også kjent i Dalsbygda i Os) og åvomtuggu (skal forekomma i Inntrøndelag; nærare spesifiserte opplysningar vantar).
Elles syner orda i førsteleddet til kva det er som blir tørka av: benk(e)tvoge: benktu(a) Åfjord og Byneset i Sør-Trøndelag, bordfille Folldal, Vågå, Lom. Ein skulle tru eit ord som dette var ”sjølvgjeve”, men det ser ut til å vera lokalt avgrensa.
Andre nemningar er brikefille (brigefilla) fille til å vaske av «brigan» (dør- og vindaugskarmar) innvendig (Sokndal i Dalane), og innrydningslerve (innrønnengslørve) Glåmos i Sør-Trøndelag. Førsteleddet er vel ein variant av innreiing.
Sess(e)klut blir brukt somme stader i Telemark: Rauland, Nissedal, Drangedal. Vel til sess ’stolsete’. Frå Drangedal er det også opplyst at denne kluten er brukt til stolvask.
Småtrelerve Oppdal, småtretvoge: småtretua Hitra, Åfjord, Osen o fl i Fosen, Buksnes i Lofoten; småtretvog/-tu Gimsøy o fl i Lofoten. Småtre er nettopp eit ord for bord, benker o l; jf. tre nedafor.
Trelerve: trelørv’ Oppdal, trelærv’ Meldal.
Tretvoge: tretu’ Stjørdal, Sandvollan, Ogndal, Beitstad, Fosnes; tretua Hitra (?), Frøya, Hemnesberget; tretoggo Grong, Foldereid. Altså nesten eit reint trønderord, å dømme etter materialet. Ein kallar gjerne bord, benker o l for trea med ei samlenemning (vask-tå trea/treom e l). Jf. småtre ovafor.
Støvklut er nemnt til å begynne med. Andre samansetjingar med støv- er støvfille (oppgjeve frå Østre Gausdal) og støvtvoge (støvtuggu Åsen i Nord-Trøndelag; i trøndermål finst også støvtu).

Dette innlegget er basert på eit kapittel i boka «Norge rundt med ord» (2004), og det er nok komme til meir materiale sia den gongen.

Golvtua

Golvfille

Dei kvardagslege brukstinga våre har også sin dialektvariasjon og sin ordgeografi. Nemningane blir gjerne så sjølsagte for oss at vi gløymer at dei ikkje nødvendigvis er allmenne i norsk. Her i spalten skal vi no framover ta for oss nokre forskjellige slag filler og klutar som vi hjelper oss med for å halde det nokolunde reint og leveleg ikring oss.

Vi begynner nedafrå, med den grove vaskefilla vi bruker på golvet. Her har vaskaren hengt ho fint frå seg over bøtta. Ikkje så reint få klesplagg har funne endestasjonen sin her. Mange vil nok kunne kalle denne for skurefille, kanskje også skureklut, mens andre truleg ikkje vil vera samde i det. Golvfille og golvklut er også ganske sjølsagte namn.

Ordet i tittelen er ein trøndervariant. Tua fortel at det gjeld ei fille, golv- kva slags fille det er snakk om. Tu(e) er ein av veldig mange uttalevariantar vi har av dette ordet, som i normalisert form heiter tvoge: Vi nemner i fleng tvøggu, tvøgo, tuggu, toggo, to – og enda finst det fleire. Det er truleg slektskap med verbet två, som betyr å vaske.

Samansetninga skuretvoge er i Norsk Ordbok ført opp berre frå to plassar, nemleg Lærdal og Stryn. Det er all grunn til å tru at dette ordet kan brukast fleire stader.

Ei lerve er også ei fille eller klut, og på trøndersk dialektområde er det mange som vil snakke om golvlerva eller gølvlærva, gølvlørva. I Røyrvik er det ein liten vri: golvslærv. Frå Stjørdalsbygdene (Lånke, Hegra) kjem ”neamelærv”, som står i motsetning til ”ovamelærv” eller ”øvermelærv”, som vi kjem tilbake til i eit anna innlegg.

Moldfille er registrert på trykk i bladet Austland, men elles ingen andre opplysningar. Skafså i Telemark har ordet tileklut, til tile = golv, golvplankar.

Men send oss gjerne dine eigen ord for denne kanskje lite påakta, men høgst nødvendige bruksgjenstanden!

Vindbrest og isokse

Isokse

Frisk aktivitet på herleg skeise-is her! Vi skal sjå på eit isfenomen som har vorte aktuelt gjennom det siste albumet til artisten Tønes (Frank Tønnesen) frå Sokndal. Som mange vil kjenne til, heiter det «Vindbrest».
Vindbrest er eit ord den gode Tønes har funne på heimtraktene sine. Det er smellar i isen i kaldt ver. Det er av og til ein kan høre slike lydar frå ei isdekt vassflate, og forklaringa er visstnok at luft blir frigjort og fer opp av holrom i isen.
Kaldbrest er eit anna ord for dette, kjent blant anna frå Hitra. Her var det rekna som merke på at isen var trygg. I Lyngdal var det sagt at «isen slær bjelka».
Stundom kan lyden nærmast minne om brøl eller beljing frå ein sint okse. Av dette har begrepet isokse oppstått. Dette er det snakk om både på Salsvatnet i Fosnes og Laugen i Skaun. «Isoksen raute». Fenomenet har vore brukt til å skremme ungar med.
Somme plassar i Telemark kallar dei knaking i is som sprekk opp i kulde, for «hørslesmell». Blant anna har Sigmund Skard skrive det opp for setelarkivet til Norsk Ordbok etter forfattaren Tarjei Vesaas frå Vinje. I normalisert form blir det herdslesmell. Ideen er nok at isen faktisk blir sterkare, eller herda, når han gir slik lyd frå seg. Herdslesmell kan også vera sprekk i jarn som har fått herding. Herdslebrest er registrert frå Fyresdal i Telemark, og herdslereve (-rive, hokjønn = revne, rift) frå Haukedalen i Sunnfjord.

Post Navigation