Moro med ord og uttrykk!

Vindbrest og isokse

Isokse

Frisk aktivitet på herleg skeise-is her! Vi skal sjå på eit isfenomen som har vorte aktuelt gjennom det siste albumet til artisten Tønes (Frank Tønnesen) frå Sokndal. Som mange vil kjenne til, heiter det «Vindbrest».
Vindbrest er eit ord den gode Tønes har funne på heimtraktene sine. Det er smellar i isen i kaldt ver. Det er av og til ein kan høre slike lydar frå ei isdekt vassflate, og forklaringa er visstnok at luft blir frigjort og fer opp av holrom i isen.
Kaldbrest er eit anna ord for dette, kjent blant anna frå Hitra. Her var det rekna som merke på at isen var trygg. I Lyngdal var det sagt at «isen slær bjelka».
Stundom kan lyden nærmast minne om brøl eller beljing frå ein sint okse. Av dette har begrepet isokse oppstått. Dette er det snakk om både på Salsvatnet i Fosnes og Laugen i Skaun. «Isoksen raute». Fenomenet har vore brukt til å skremme ungar med.
Somme plassar i Telemark kallar dei knaking i is som sprekk opp i kulde, for «hørslesmell». Blant anna har Sigmund Skard skrive det opp for setelarkivet til Norsk Ordbok etter forfattaren Tarjei Vesaas frå Vinje. I normalisert form blir det herdslesmell. Ideen er nok at isen faktisk blir sterkare, eller herda, når han gir slik lyd frå seg. Herdslesmell kan også vera sprekk i jarn som har fått herding. Herdslebrest er registrert frå Fyresdal i Telemark, og herdslereve (-rive, hokjønn = revne, rift) frå Haukedalen i Sunnfjord.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: