Moro med ord og uttrykk!

Golvtua

Golvfille

Dei kvardagslege brukstinga våre har også sin dialektvariasjon og sin ordgeografi. Nemningane blir gjerne så sjølsagte for oss at vi gløymer at dei ikkje nødvendigvis er allmenne i norsk. Her i spalten skal vi no framover ta for oss nokre forskjellige slag filler og klutar som vi hjelper oss med for å halde det nokolunde reint og leveleg ikring oss.

Vi begynner nedafrå, med den grove vaskefilla vi bruker på golvet. Her har vaskaren hengt ho fint frå seg over bøtta. Ikkje så reint få klesplagg har funne endestasjonen sin her. Mange vil nok kunne kalle denne for skurefille, kanskje også skureklut, mens andre truleg ikkje vil vera samde i det. Golvfille og golvklut er også ganske sjølsagte namn.

Ordet i tittelen er ein trøndervariant. Tua fortel at det gjeld ei fille, golv- kva slags fille det er snakk om. Tu(e) er ein av veldig mange uttalevariantar vi har av dette ordet, som i normalisert form heiter tvoge: Vi nemner i fleng tvøggu, tvøgo, tuggu, toggo, to – og enda finst det fleire. Det er truleg slektskap med verbet två, som betyr å vaske.

Samansetninga skuretvoge er i Norsk Ordbok ført opp berre frå to plassar, nemleg Lærdal og Stryn. Det er all grunn til å tru at dette ordet kan brukast fleire stader.

Ei lerve er også ei fille eller klut, og på trøndersk dialektområde er det mange som vil snakke om golvlerva eller gølvlærva, gølvlørva. I Røyrvik er det ein liten vri: golvslærv. Frå Stjørdalsbygdene (Lånke, Hegra) kjem ”neamelærv”, som står i motsetning til ”ovamelærv” eller ”øvermelærv”, som vi kjem tilbake til i eit anna innlegg.

Moldfille er registrert på trykk i bladet Austland, men elles ingen andre opplysningar. Skafså i Telemark har ordet tileklut, til tile = golv, golvplankar.

Men send oss gjerne dine eigen ord for denne kanskje lite påakta, men høgst nødvendige bruksgjenstanden!

Advertisements

Single Post Navigation

8 thoughts on “Golvtua

  1. Oddvar Romundset on said:

    Da eg begynte på Sunndal linjedelte ungdomsskulen i 1960, kom vi oppe frå dalen i klasse med øksendalingar og ålvundeidingar. Ein gong vi hadde gym vart det behov for å tørke opp vass-søl frå golvet og vi oppe frå dalen meinte det var bruk for golvlårva. Dette syntest ålvundeidingane var eit merkeleg ord. Såvidt eg husar sa han gælvlærvå, og det var nok på langt nær så komisk!

  2. Liv Wahl Sekse on said:

    Kopptua = oppvaskklut. Frøya.

  3. Tove W. Lysøbakk on said:

    Tualærv frå Bjugn. Duge godt t å vask med

  4. Margrete Bentsen on said:

    Golvtue og kopptue sier vi i Nord-Troms også!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: