Moro med ord og uttrykk!

Støvkluten

Støvklut

Det finst ein del særskilte ord for klut eller fille som ein nyttar til å tørke bord, benker, hyller o l med, og som altså ikkje blir brukt til golvvask eller oppvask. Skulle ein tenkje seg noko allmennorsk standardord for dette, måtte det kanskje bli støvklut.
Orda er også her gjerne samansette med dei vanlege nemningane for vaskefille som sisteledd, og så presiserer førsteleddet kva slags fille det er.
Frå Rollag i Numedal er det opplyst at ein særleg nyttar fatafille (utt. fåtåfille) om denne sorten vaskefille.
Mange stader vil ein nok kunne nytte ord som tørkefille eller tørkarfille om dette. I Oppdal seier dei tørkarklut. Ein del samansetjingar med avtørkar- og avvaskar- ser ut til å vera konsentrert om trøndersk språkområde, men går også inn i Nord-Gudbrandsdalen: tåtørkarfille Lesja; tåtørkarlörv’ Øksendal på Nordmøre; tåtørkartvøggu også Øksendal; tåtørkartu(ggu) Leksvik; tåtørkartuggu (ein informant opplyser å ha hørt det i Selbu; ikkje alle selbygger kjennest ved det); tåtørkartu (Rissa); tåvaskarfill’ Øksendal, tåvaskartuå Tingvoll; tåvaskartvøggu Øksendal; tåvaskartu’ Byneset og Rissa i Sør-Trøndelag.
Frå Øksendal har vi også tørrlerve om fille brukt til støvtørking.
Vi har eit par samansetjingar med kringom: kringomklut (Fyresdal i Telemark) og kringomvaskefille (Søndre Land og Torpa i Oppland). Jf. også omkrengvaskartvogæ frå Hemnes (dette ordet er visst brukt fleire stader i Nordland).
Andre adverb i førsteleddet i slike ord syner gjerne til at ein nyttar filla over golvet:, som ova(n)tilfille: ovatefille (Tynset); åvåtellfille Ytre Rendal); altså eit østerdalsord å sjå til.
Andre slike er ova(n)medlerve (åggomelærv’ Hemne i Sør-Trøndelag; åvvåmelærv’ Meldal, Hegra og Meråker), øvermedlerve (somme stader i søraustre Sør-Trøndelag: Horg, Soknedal, Singsås, Haltdalen, Selbu, Tydal, også kjent i Dalsbygda i Os) og åvomtuggu (skal forekomma i Inntrøndelag; nærare spesifiserte opplysningar vantar).
Elles syner orda i førsteleddet til kva det er som blir tørka av: benk(e)tvoge: benktu(a) Åfjord og Byneset i Sør-Trøndelag, bordfille Folldal, Vågå, Lom. Ein skulle tru eit ord som dette var ”sjølvgjeve”, men det ser ut til å vera lokalt avgrensa.
Andre nemningar er brikefille (brigefilla) fille til å vaske av «brigan» (dør- og vindaugskarmar) innvendig (Sokndal i Dalane), og innrydningslerve (innrønnengslørve) Glåmos i Sør-Trøndelag. Førsteleddet er vel ein variant av innreiing.
Sess(e)klut blir brukt somme stader i Telemark: Rauland, Nissedal, Drangedal. Vel til sess ’stolsete’. Frå Drangedal er det også opplyst at denne kluten er brukt til stolvask.
Småtrelerve Oppdal, småtretvoge: småtretua Hitra, Åfjord, Osen o fl i Fosen, Buksnes i Lofoten; småtretvog/-tu Gimsøy o fl i Lofoten. Småtre er nettopp eit ord for bord, benker o l; jf. tre nedafor.
Trelerve: trelørv’ Oppdal, trelærv’ Meldal.
Tretvoge: tretu’ Stjørdal, Sandvollan, Ogndal, Beitstad, Fosnes; tretua Hitra (?), Frøya, Hemnesberget; tretoggo Grong, Foldereid. Altså nesten eit reint trønderord, å dømme etter materialet. Ein kallar gjerne bord, benker o l for trea med ei samlenemning (vask-tå trea/treom e l). Jf. småtre ovafor.
Støvklut er nemnt til å begynne med. Andre samansetjingar med støv- er støvfille (oppgjeve frå Østre Gausdal) og støvtvoge (støvtuggu Åsen i Nord-Trøndelag; i trøndermål finst også støvtu).

Dette innlegget er basert på eit kapittel i boka «Norge rundt med ord» (2004), og det er nok komme til meir materiale sia den gongen.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: