Moro med ord og uttrykk!

Finntukt

Hender

Bildet denne gongen er forsøk på å illustrere et ordlag mor mi (frå Øksendalen på indre Nordmøre) bruka. Det var noko ho kalla ”å her’ (herde) finnonga”. Det var å ta hendene på nokon, helst ein unge, og gnu knuvane mot kvarandre. Neppe særleg godt. Ho kunne også bruke uttrykket overført, om nokon som behandla ungane sine hardhendt, utsette dei for kulde og andre påkjenningar, eller dreiv streng oppdragelse: ”Dæm here no vel finnonga”.

Finn er i dette tilfellet = same. Attom ligg vel ei forestilling om at samebarna hadde det tøft og vart herda på ymse vis.

Seinare har eg støytt på liknande uttrykk, og det kan sjå ut som ho mor hadde ei litt særeigen oppfatning av dette. Å tukte finnungar, tukte finn, finntukt o l er kjent fleire stader i Trøndelag og Nord-Norge. Det har med fingrane å gjera, men på ein litt annan måte, som gjer at illustrasjonen ikkje høver så godt. For det som alltid er meint, er å klapse eller støyte nokon på fingertuppane når ein held dei saman.

Dette kan bli gjort for å vera ekkel og plage den andre. Men vi hører også om at det kan bli gjort med godt formål. For eksempel frå Rugldalen ved Røros, der læraren ”tulla finntokt”. Elevane heldt hendene saman, og læraren dunka med neven på fingertuppane deira så dei skulle få att varmen.

I Nesna var ”finntokt” det å slå fingertuppane mot noko hardt når ein hadde naglebit, for å få følelsen tilbake. Men det var også sagt om hard avstraffelse.

I alle fall har det funnest forestillingar om at samane pla gjera slik med ungane sine. Om det er sant eller ei, er ikkje eg i stand til å avgjera her og no.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: