Moro med ord og uttrykk!

Vipa

Vipe

Her har vi ho – eitt av dei mest kjente og kjære vårteikna. Ikkje til å ta feil av med nakketoppen og den kvelle pipetonen ho har til varselrop. Somme plassar dukkar ho opp alt i februar.
Vipa er rekna som ”nasjonalfuglen” på Jæren, og jærbøndene er kjente for å verne om vipereira ute på åkeren. Dei merkjer reira med pinnar og passar på å kjøre reiskapen utafor.

Time kommune har vipa i kommunevåpenet sitt. Og ikkje minst har vi Vibå spelemannslag, som samlar spelglade folk frå heile Rogaland: http://www.vibaaspelemannslag.com/. Etter det eg har hørt av laget, læt dei slett ikkje pistrete som vipa!

Men vipa er kjent over heile landet og har i seinare tid spreidd seg både nordover og oppover mot høgfjellet.

Språkleg er det ikkje så mykje å kommentere når det gjeld vipa. Namnet er ikkje belagt i norrønt, men finst i svensk som viba og i dansk som vibe. Ein uttalevariant er vippe, og frå Romerike er jamvektsformene vipu og vypu noterte. Det er opplagt at namnet skal herme lyden, noko vi også ser i denne strofa av ein stevtekst, gjengitt av Arne Garborg og andre: ”Vi-vipp, segjer viba”. Truleg finn vi det att som sisteledd i dei nordengelske dialektformene peesweep og peeweet.

Elles har vi eit par vipenamn i samansetningar: Myrvipe frå så spreidde stader som Hvaler og Sunnhordland, og lusvipe frå Frøya. Ein annan fugl, strandsnipa, kan heite strandvipe her og der på Austlandet pluss indre Nordmøre.

Det finst eitt anna ord for vipe som er ført opp i eit par ordsamlingar frå første del av 1800-talet (det er ikkje utenkeleg at den eine har skrive av den andre). Ordet er kybits, som må vera komme frå tysk Kibitz eller nederlandsk kievit. Også dette er sjølsagt lydhermande.

Til slutt litt folketradisjon kring vipa: Om ho legg egg på høge tuver, vil det bli ein varm sommar, spådde dei på Jæren. Og eit ordtak lyder ”vipa vil verja alle tuver; ho kan ikkje verja sitt eige reir”. Men dette er nok helst meint som kritikk av åtferda til somme menneske.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: